Hjem
Aktuelt
Mikrobiologi

Miljøvenlege alger

Stressa alger omdannar solenergi til hydrogengass.

Hovedinnhold

Kari Skjånes disputerer fredag for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. I avhandlinga si har ho hatt som mål å finna ein mest mogeleg miljøvenleg metode for å omdanna solenergi til energiberande hydrogen.

Dette vert gjort ved hjelp av naturlig fotosyntese hjå mikroalger. Algene vert stressa med dårlig næringstilgang, og dyrka i eit svovelfattig miljø.

- Når algene ikkje får nok svovel, sluttar dei å veksa. Men dei tar fortsatt til seg energi i sollyset. Om dei ikkje kan verta kvitt denne energien, fører det til skade på cellene. Ein måte å verta kvitt energien på og redusera stresset, er å laga hydrogen, seier Skjånes til forskning.no.

Hydrogengassen kan nyttast til brenselsceller, som til dømes kan driva bilar. Produksjon av hydrogen inneber i dag ein forureinande prosess.

Algene sin nytteverdi stoppar ikkje med hydrogenproduksjon. Somme alger vert i dag nytta kommersielt i stor skala, til dømes til helsekost, fiskefôr og fargestoff i mat- og kosmetikkindustri. Avhandlingen til Skjånes viser at mange artar kan produsera stoff med medisinske effektar. Det  økonomisk potensialet er dermed stort..

Kombinert med hydrogenproduksjon er det mogeleg at produksjonen kan skapa ein økonomisk berekraftig prosess, i følgje pressemeldinga om avhandlinga.