Hjem
Aktuelt
Christiekonferansen

Programmet er klart

Christiekonferansen nærmar seg. Årets program ser nærare på UiB si rolle som eit anerkjent breiddeuniversitet utanfor hovudstaden.

Hovedinnhold

Christiekonferansen er den viktigaste arenaen for samhandling mellom akademia og omverda. – Konferansen skal synleggjera det breiddeuniversitetet UiB er, men ikkje minst skal det vera ein arena for kontakt, seier Anne Lise Fimreite til uib.no.

Ho leiar programkomitéen som i desse dagar har ferdigstilt programmet til konferansen, som mellom andre har nærings- og handelsminister Trond Giske som deltakarar.

Moglegheiter og utfordringar

Perspektivet for årets konferanse er Universitetet i Bergen – eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet utanfor hovudstaden. Ein ynskjer å sjå kva moglegheiter og utfordringar det å ikkje vera plassert i hovudstaden kan gje Bergen, Vestlandet og Noreg.

I haust vart UiB rangert som nummer 135 på Times Higher Education si liste over verdas fremste universitet og dermed som det beste i Noreg.

- Dei beste universiteta er ikkje hovudstadsuniversitet, til dømes Harvard, Cambridge, Lund og Uppsala. Me spør om det kan liggja ein styrke i å vera utanfor hovudstaden. UiB er til dømes ikkje geografisk nær departementa og maktsfæra i Oslo, kva tyder det for oss – på godt og på vondt, spør Fimreite.

Phil Baty, redaktør i Times Higher Education, kjem til konferansen for å utdjupa kva typar universitet det er som skil seg ut i verdstoppen. I tillegg kjem rektor Per Eriksson frå Universitetet i Lund, som har ei historie som strekk seg tilbake til 1438.

600 års erfaring

- Universitetet i Lund har ein profil som liknar vår, dei ligg utafor hovudstaden og er sterkt markerte internasjonalt. Rektor kan snakka utfrå 600 års erfaring.

Nærings- og handelsminister Trond Giske kjem til å halda innleggh om temaet.

- Det er viktig å vita korleis makthavarane ser på UiB si rolle spesielt og universiteta si rolle meir spesielt, seier Fimreite.

Invitasjonane er sendt ut, og påmeldingsskjemaet ligg klart. UiB sine samarbeidspartnarar er inviterte: næringslivet frå a til å, politikarar, representantar frå offentlig sektor, kulturlivet og andre store organisasjonar og utdanningsinstitusjonar. Tilsette og studentar ved UiB er også meir enn velkomne på konferansen.

- Dette er ein arena der ein skal møtast og me har sett av god tid til pausar og lunsj. For studentar som snart skal ut i arbeidslivet er konferansen eit godt høve til å møta framtidige arbeidgjevarar og høyra kva behov og forventningar dei har.