Mohn møtte studentane
Milliardær og mesen Trond Mohn føreleste for studentar på SV-fakultetet.

Hovedinnhold
Om lag 100 studentar og andre interesserte følgde førelesinga. Mohn snakka mellom anna om den norske dugnadsånda, bedriftskultur og sine tankar rundt filantropi. Han oppmoda også studentane om å tileigna seg gode arbeidsteknikkar og å tenkja sjølvstendig.
- Fuskelappar må ein halda seg unna. Ein dag står du utan fuskelapp og må tenkja sjølv, var Mohn si oppmoding.
— Ei ære
Gjesteførelesing var for studentar på organisasjonsvitskap.
Mohn sjølv takka raskt ja då han fekk tilbod om å førelesa. Han har tidlegare hatt førelesingar på Høgskulen i Bergen.
— Det er ei stor ære å verta spurt. Eg er akademikar sjølv, og meiner dette er ein kontakt mellom samfunnet og universitetet. Spørsmålet om kva rolle universitetet skal spela i samfunnet er viktig å ta opp, sa han til uib.no etter førelesinga.
Empiri, ikkje teori
Kjersti Halvorsen, førelesaren til studentane, fekk ideen om å invitera Mohn då ho høyrte han førelesa på eit seminar.
— Mohn er ein person som er mykje i media, og som eg reknar med vil vera interessant for studentane. Han har ei viktig samfunnsrolle i Bergen og bidreg til mange fellesgoder, seier ho til uib.no.
Mohn er ein stor bidragsytar til idrett og forsking, og har ved fleire høve støtta prosjekt ved UiB.
Ho fortel at studentane på Administrasjons- og organisasjonsvitskap pleier å jobba med organisasjonstema.
— Då inviterer me den empiriske kjelda, ikkje ein teoretikar. Mohn er ein som driv med dei tinga studentane studerer.