Hjem
Aktuelt
ENERGIFORSKING

Fornybar energi mellom sju fjell

Der Stavanger har olja, kan Bergen ha fornybar energi, håpar Geir Anton Johansen, leiar for Institutt for fysikk og teknologi.

Hovedinnhold

I morgon torsdag kjem Sveriges tidlegare statsminister Göran Persson til 7-fjellskonferansen om fornybar energi i Grieghallen. Konferansen skal vere ein møtestad der akademia, leverandørar, gründarar og utbyggjarar skal møtast til faglege og sosiale aktivitetar.

Geir Anton Johansen, leiar ved Insitutt for fysikk og teknolgi og Helge Dahle, visedekan ved Det matematisk-naturfaglege fakultet sit i arrangementskomiteen, der UiB er ein av sponsorane. Fornybarkonferansen er ein arvtakar av ECT-konferansen frå 2009, ein konferanse om energi, klima og teknologi.

– ECT-konferansen var godt besøkt, men tyngdepunktet var på den akademiske sida. Me ønsker å utvide konferansen til å nå også næringslivet, politikarar og viktige beslutningstakarar, seier Geir Anton Johansen.

Tanken er at dette skal bli eit årleg scenario innan fornybar energi, på same måte som oljemessa i Stavanger.

Svensk politisk trekkplaster

Etter at Norsk Industri kontakta Bergen Næringsråd og UiB, vart ECT vidareført i den retninga Johansen skisserer.

– Åslaug Haga leidde arrangementskomiteen, og me har fått fleire trekkplaster innan næringsliv og politikarar, seier Johansen.

Stein Lier-Hansen, administerande direktør frå Norsk Industri opnar konferansen torsdag. Det første foredraget – om den globale energimarknaden i endring, er ved den tidlegare statsministeren i Sverige, Göran Persson. Sjå heile programmet her.

Geir Anton Johansen og Helge Dahle står bak den meir akademiske sida av programmet. Dei har vald å legge vekt på teknologisida representert ved Christian Michelsen Research (CMR) og SINTEF. CMR er til dømes vertsskap for NORCOWE, det norske senteret for offshore vindenergi og CGER, det norske senteret for geotermisk forsking. Begge sentra har faglege leiarar frå UiB, førstnemnte ved Peter M. Haugan, professor ved Geofysisk institutt, CGER ved Inga Berre, førsteamanuensis i matematikk.

– Me jobbar tett saman med CMR og SINTEF, det forskingsmessige på programmet blir representert ved dei, seier Johansen.

Geotermisk energi  frå Australia

Det største akademiske trekkplasteret er likevel Barry Goldstein som kjem heile vegen frå Australia. Goldstein er ein av hovedforfattarane bak den kommande IPCC-rapporten om fornybar energi og er ein av toppfolka innanfor området. Han sit i sentrale posisjonar innanfor forskninga og utviklinga kring geotermisk energi.

Når ein først har ein kapasitet som Goldstein på besøk, tok Inga Berre, leiar for CGER, like godt initiativ til eit møte med Goldstein for medlemmene i det bergenske forskingssenteret på geotermisk energi. Her vil han informere om innhaldet i den nye IPCC-rapporten, og fortelje meir om den australske satsinga på geotermisk energi. For å seie det enkelt inneber geotermisk energi det å hente varme ut av bakken – varme frå jordas indre.

– I Australia har ein installert fleire anlegg der geotermisk energi vert henta ut frå djupe, varme granittar og nytta i kraftproduksjon. Australia har eit godt geologisk utgangspunkt for dette, men uthentinga føreset ukonvensjonelle utvinningskonsept. Det som også er spesielt i Australia er at det også er ei stor industriell satsing, seier Berre.

Potensiale i grunnvarme

I Noreg vert varme henta frå grunne borehol, og via varmepumper nytta til oppvarming av hus og i nærvarmeanlegg. Årleg tar ein 3,3 TWh ut av grunnen, medan er talet for vårt naboland Sverige er fire goner så høgt. Til samanlikning vart det produsert 1 Twh vindkraft i Noreg i 2009.

– Denne type oppvarmingssystem har eit stort potensiale i Noreg, men er lite kjent. I tillegg har me eit godt utgangspunkt til å bli ein viktig leverandør av teknologi og kompetanse for utvinning av dyp geotermisk energi,  fordi det å hente opp varme frå fleire tusen meters djup  har mange fellesnemnarar med det å hente opp olje og gass, seier Inga Berre.

Ho viser til at geotermisk energi er  blitt prioritert i arbeidet med revisjonen av Energi21, som er den nasjonale strategien for forsking og utdanning innan energisektoren. Dette meiner Berre blir viktig for forskinga i feltet frametter.

Les om oppstarten av CGER i 2009 i På Høyden