Hjem
Aktuelt
SAMKUL

Klimaforsking og språk

Korleis påverkar språket korleis vi handlar i klimaspørsmålet? Eit nytt prosjekt ved UiB får støtte frå Forskingsrådet til å gi svar.

Hovedinnhold

Forskingsrådet gjev 100 millionar kroner til 15 prosjekt i programmet Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger (SAMKUL). Fire av prosjekta som får støtte høyrer heime ved Universitetet i Bergen.

Kjersti Fløttum leiar eitt av prosjekta, som får kring 9 millionar til å forska på klimaspørsmål og språk. Pengestøtta gjer at ein kan knyta til seg postdoktorar, gjesteprofessorar og forskarar og bruka eit nettverk som alt er bygd opp, fortel Fløttum, professor ved Institutt for framandspråk.

– Ikkje minst får me til eit skikkeleg samarbeid innan UiB, seier ho.

Det tverrfaglege prosjektet samlar dermed forskarar frå både psykologi, klimaforsking, språkforsking og statsvitskap. Prosjektet har vore under planleggjing ei god stund, mellom anna har ein arbeidd med ein SFF-søknad.

–  Arbeidet vi byrja på med SFF-søknaden var svært grundig. Å sitja så mykje i lag har gjort at me har jobba mykje med problemstillinga.

– Formidling er ei utfordring

Prosjektet, kalla ”LINGCLIM : Linguistic representations of climate change discourse and their individual and collective interpretations” involverer også eit samarbeid med Trine Dahl, professor ved NHH.

Hypotesa i prosjektet er at ei språkleg framstilling påverkar korleis vi assosierer og aktiverer kunnskap og dermed påverkar kva konklusjonar vi trekk i ei sak. Ved hjelp av språkanalyse, spørjeundersøkjingar og psykologiske eksperiment skal ein få meir kunnskap om fortolkinga av klimaendringar.

– Vi språkforskarar kan seia mykje om språket, men gjennom eit samarbeid med andre vitskapsgreiner kan me læra meir om opinionen, korleis språket brukt i klimaforsking og formidlinga av det vert tolka i samfunnet, seier Fløttum.

Ho trur at også klimaforskarane sjølve er opptekne av språk og formidling.

– Mange klimaforskarar er klare over at dei har store utfordringar når det gjeld formidlinga av forskinga si. Dette vert også diskutert i tidsskrift for klimaforsking, korleis ein skal koma ut med bodskapet sitt. Det har vore ein fantastisk respons frå forskarar eg har snakka med. Det gjer at eg gleder meg endå meir til å starta med prosjektet og jobba med ei problemstilling eg kjenner folk er entusiastiske over, seier Fløttum.

Midtausten, Brasil og Noreg 

I alt har to forskarprosjekt ved UiB fått støtte frå SAMKUL. Prosjektet ”Mechanisms of cross-cultural interaction: Networks in the Roman Near East”, leia av postdokotr Eivind Heldaas Seland ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap skal studera tverrkulturelle nettverk i Midtausten si tidlege historie og dermed gi ein bakgrunn for å forstå liknande prosessar seinare i historia og i dag.

To av dei fire postdoktorprosjekta som får støtte frå Forskingsrådet høyrer også til ved UiB. Margit Ystanes skal studera dei kulturelle vilkåra for den økonomsike veksten i Brasil og gi ny kunnskap om den økonomiske krisa i Europa. Stian Hamre skal studera DNA og oksygenisoptopar frå skjelett frå fire gravplassar og dermed læra meir om det genetiske og geografiske opphavet til den førmoderne immmigrasjonen til Noreg.