Inviterer til dialog
Har du spørsmål om universitetsrankingar, karriere etter endt utdanning eller UiB si rolle i samfunnet? Då vil Christiekonferansen gjerne høyra frå deg.
Hovedinnhold
Christiekonferansen skal vera den viktigaste regionale arenaen for kontakt mellom akademia og samfunnet. Den 27. april kjem foredragshaldarar frå både inn- og utland, frå samfunns-, nærings- og kulturliv til Bergen.
— Christiekonferansen skal vera ein møtestad for akademia og samfunnet. Me ynskjer ein dialog, og det er difor me inviterer publikum til å delta, seier Anne Lise Fimreite, leiar for programkomitéen.
Alle interesserte kan senda inn sine spørsmål, via Christiekonferansen sine nettsider. Eit utval av spørsmåla vert stilte på konferansen.
Her kan du senda inn spørsmåla dine.
Perspektivet for årets konferanse er Universitetet i Bergen – eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet utanfor hovudstaden. Ein ynskjer å sjå kva moglegheiter og utfordringar det å ikkje vera plassert i hovudstaden kan gje Bergen, Vestlandet og Noreg.
For å setja problemstillingane på dagsordenen har ein mellom anna invitert redaktør Phil Baty frå Times Higher Education. Framtidas kompetansebehov vert også teke opp, og resultata frå Kompetanse 2020 vert lagt fram. Debatt om kva Universitetet i Bergen betyr for vår region står også på programmet.
Twitterbrukarar kan kommentera konferansen på twitter og bruka hashtagen #christie11. UiB kjem til å følgja konferansen på sin twitterkonto.
Følg UiB på Twitter for nytt om Christiekonferansen og andre aktuelle tema frå UiB.