Med barnet som klient
Foreldra kan være både løysinga og problemet når eit barn slit med psykiske helseproblem.

Hovedinnhold
Av: Kjerstin Gjengedal
Barn kjem til psykologen fordi det er vaksne rundt dei som er urolege for dei. Eit lite barn har ikkje oversikt over sin eigen situasjon, så det er dei vaksne sin definisjon av barnet sitt «problem» som stakar ut retninga for behandlinga, seier førsteamanuensis og barnepsykolog Linda Munkvold ved UiB.
Treng hjelp frå foreldra
Det juridiske ansvaret for barnet ligg hos foreldra eller andre omsorgspersonar, og psykologen kan dermed ikkje starte behandling utan at foreldra har gjeve samtykke. Difor er det viktig å verte samde om behandlingsplanen. Det hender at foreldre kjem til psykolog med barnet sitt for å få det fiksa, som ein bil på verkstad.
Men vanskane til eit barn må alltid forståast i den konteksten barnet lever i, og støtte frå omsorgspersonar er nødvendig for å endre ei negativ utvikling. Foreldra er altså oftast både ein del av problemet og ein del av løysinga.
– Dersom foreldra er negative, fungerer det ikkje. Eg trur det er rett å seie at vi har ei familietilnærming til behandling av barn. Store delar av behandlinga kan gå gjennom foreldra, seier førsteamanuensis Helge Holgersen.
Han leier Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom, som er ein av tre poliklinikkar ved Det psykologiske fakultet, der studentane på embetsstudiet får praksis under rettleiing av spesialistar.
Dei «umoglege» barna
Det er relativt kort tid sidan barn sine psykiske vanskar vart tekne på alvor og sett i samanheng med barnet sitt utviklingsnivå. Di yngre barnet er, di smalare register har det å spele på for å uttrykke eigne røynsler. Det kan gjere diagnostiseringa til ei utfordring sidan ein er avhengig av å få informasjon om barnet frå til dømes foreldre og lærarar.
Nokre barn har òg fleire plager på ein gong, men åtferdsvanskar er ofte ein del av problemporteføljen. Om lag halvparten av barna som blir viste til psykisk helsevern, er karakteriserte med åtferdsvanskar.
Typiske trekk hos barn med åtferdsvanskar er regelbrot. Barnet irriterer andre med vilje og oppfører seg fiendtleg og opposisjonelt i langt større grad enn det som blir rekna for normalt i barnet si utvikling.
– Historisk har åtferdsvanskar alltid vore meir til stades hos gutar enn hos jenter. Gutar er eksponerte for fleire risikofaktorar for å utvikle åtferdsvanskar. Dei har til dømes oftare nevropsykologiske problem og er oftare hyperaktive. Gutar blir oftare utsett for hardhendt oppseding, spesielt fysisk straff. Dette ser vi særleg frå internasjonale undersøkingar, seier Munkvold.
Når åtferdsvanskar blir synlege
Det er vanleg at åtferdsvanskar er meir synlege på nokre arenaer enn på andre. Til dømes kan lærarane til barnet meine at det har åtferdsproblem, medan foreldra ikkje meiner det.
– Difor er det viktig å vurdere den totale situasjonen til barnet, og hente informasjon om korleis barnet fungerer på dei ulike arenaene, seier ho.
Medan vaksne sine psykiske vanskar blir mellom klienten og behandlaren, er altså behandling av barn meir samansett. Psykologistudentane som har praksis på poliklinikken for barn og ungdom, lærer difor mykje om systemet rundt barnet.
Korleis ein skal kommunisere med og involvere barnehage, skule, PPT-teneste, eller andre delar av hjelpeapparatet, til dømes dersom barnet viser seg å ha dysleksi eller andre spesielle sårbarheiter.
– Dei lærer også å handtere interessekonfliktar mellom barn og foreldre. Men slikt skjer sjeldnare enn ein skulle tru. Dei fleste foreldre vil trass alt det beste for barnet sitt, seier Holgersen.
Ikkje nok å vente og sjå
Sjølv om psykiske helseproblem ofte er forbigåande hos barn, er det utilrådeleg å vente og sjå av frykt for å gjere vondt verre ved å gripe inn, ifølgje Linda Munkvold.
Best mogleg utvikling er alltid målet. Likevel finst det tilstandar som ikkje har nokre enkle løysingar, til dømes autisme.
– Foreldre ber oftast om hjelp først når dei ikkje greier å handtere situasjonen lenger, seier ho.
Det at barn kjem for seint til behandling, er eit større problem enn at det blir tilvist for mange barn utan reelle vanskar. Åtferdsproblem kan ofte vere ein forløpar til psykiske vanskar seinare i livet. Psykiske problem hos vaksne har jo oftast fått utvikle seg over tid. Lågterskeltilbod og førebyggjande tiltak kan vere effektivt, meiner Linda Munkvold.