Hjem
Aktuelt
Forskingsdagane 2011

Fyller byen med forsking

Forskingsdagane sørger for at Bergen vert ein forskingsby.

Forskingstorget på Festplassen opnar Kunnskapsfesten på laurdag.

Forskingstorget byr på over 30 ulike forskingsstasjonar. Mellom anna vil Kjemisk institutt fortelja meir om kjemien som finst i alt, Sosiologisk institutt spør kva det vil seia å vera norsk og Det medisinsk-odontologiske fakultet fortel om alternativ til dyreforsøk. Ikkje minst spør Institutt for indremedisin ”Hvorfor er bæsjen brun?”.  Forskere og studenter i ernæring forklarer kva som skjer med maten i tarmen, og kva kjemiske prosessar som foregår i tarmkanalen. Forskingstorget er ope mellom 11.30 og 16.00.

Sjå video frå Forskningsdagene 2009 her.

Forskingstorget er sjølvsagt for folk i alle aldrar, men er kanskje mest innretta mot dei yngste. I år slår Forskingsdagane i Bergen difor eit slag for dei litt eldre vitelystne på laurdag 24. september.

DNA-bevis på biblioteket

Arrangementet Glimt fra forskningen på Bergen Offentlige Bibliotek består av heile tolv foredrag på fire timar mellom 12.00 og 16.00.

Til dømes skal Ragna Aarli, visedekan for forsking ved Det juridiske fakultetet sjå nærare på DNA i politietterforsking. Kor sikkert er DNA-beviset? Er det eit uomtvisteleg bevis på at du har vore på ein åstad at det finst DNA etter deg der?

Kenneth Hugdahl fortel om personkjemi og kor avgjerande hjerneforsking er for å forstå mennesket. Tanja Barth fortel om forsking som fortel oss at me kan bruka tre og planterestar til å laga drivstoff. Men er det berekraftig?

Forskarar på kafé

Den utradisjonelle forskingsformidlinga fortset på Cafe Sanaa i Marken. Her skal den internasjonale forskingsbyen Bergen visast fram gjennom engasjerte forskarar i uformelle omgjevnadar. Mellom anna skal Bernt Lindtjørn, forskar ved Senter for internasjonal helse ved UiB, fortelja frå sine erfaringar som forskar og lege i Afrika.

Verden i endring

På Hotell Norge skal Siri Lill Mannes leia to samtalar som tek opp dei heilt store spørsmåla.

Etter terror, jordskjelv, katastrofer og politiske omveltningar spør Forskningsdagene forskarane: Er verda i ferd med å gå av hengslene? Kan forskarane forklara oss kva som skjer, helst før det skjer igjen?

Retorikkprofessor Jens Kjeldsen, utviklingsforsker Marit Tjomsland, jordskjelvforskar Kuvvet Atakan og økonom Kjetil Bjorvatn skal svara på spørsmåla i samtalen Verden i endring, som ein kan høyra på Hotel Norge klokka 13.00 på laurdag.

Aldri frisk nok er tittelen på den andre samtalen på Hotell Norge. Ingvard Wilhelmsen, professor, Institutt for indremedisin ved UiB, Arne Tjølsen, professor, institutt for biomedisin, UiB, Erik L. Werner, dr.med, fastlege og seniorforskar, Uni Helse og Roger Strand, professor, Senter for vitenskapsteori, UiB sit i panelet. Dei skal mellom anna diskutera smanhengen mellom eit stadig betre helsevesen og medisin, og eit aukande sjukefråver.

Debatten byrjar klokka 14.30.