Hjem
Aktuelt
Museumsprosjektet

- Har nasjonal interesse

Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen (KUF) ser på rehabiliteringa av Universitetsmuseet som ei sak som er viktig for heile Noreg.

Hovedinnhold

I si innstilling til løyvingar for statsbudsjettet 2012 har KUF merka seg at Statsbygg er i gang med forprosjektet for rehabilitering av musumsbygninga ved Universitetet i Bergen ”(…) med mål om at museumsbygningen kan gjenåpnes i anledning grunnlovsjubileet i 2014”.

Engasjert i saka

- Dette syner eit engasjement for denne saka i komiteen, seier Tor Bremer til uib.no. Han er medlem i KUF, og representerer Arbeiderpartiet og Sogn og Fjordane.

Bremer peiker på at det ikkje er mange byggeprosjekt som får slike merknader i KUF si innstilling, men at fleire står i kø.

Statsbygg si renovering av Universitetsmuseet er delt i to fasar, og sørfløyen skal renoverast før resten av bygningen. Aulaen skal stå klar til markeringa av grunnlovsjubileet i 2014.

Les også: Museumsprosjektet markert i statsbudsjettet

Støtte frå Stortinget

Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, meiner KUF sin merknad er viktig og peiker på at Stortinget dermed stiller seg bak merknaden.

- Dette skapar ein sterk parlamentarisk plattform for at regjeringa skal hugsa oss i det reviderte statsbudsjettet. Det at ein samrøystes komité går inn for dette gjer at det er ein viktig og verdifull kommentar, seier rektor til uib.no.

Museal milepel

Bremer meiner opninga av bygget til Grunnlovsjubileet i  2014 er av nasjonal interesse.

- Dette gjeld ikkje berre Bergen, men er ein milepel som markerer tydinga av Universitetet i Bergen for Noreg, seier han. 

Sørfløyen i Det naturhistoriske museum er planlagt omgjort til ein aula. Rehabiliteringa av Universitetsmuseet skal framheva dei antikvariske kvalitetane i bygget og visa den historiske tydinga og unike vitskapelige og museale rolle bygget speler i Bergen, på Vestlandet og i Norge. Samstundes skal bygget vera ei bru mot ny vitskap og moderne museale uttrykk.