Hjem
Aktuelt
Juss

Særlover for unge lovbrytarar

Mange kriminalsaker der barn og unge er involvert blir løyst med såkalla Restorative Justice, eller forsoningsjustis. No kan eit nytt lovforslag for ungdomsstraff opne for bruk av Restorative Justice i meir alvorlege saker enn i dag.

Utgangspunktet for strafferetten er at ein har dei same reglane for barn og...
Utgangspunktet for strafferetten er at ein har dei same reglane for barn og vaksne. Ei rekke land har eigne straffereglar for barn.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

TEKST: Ingvild Nilssen

Noreg var tidleg ute med Restorative justice. Denne teknikken som har som mål å gjenopprette forholdet mellom partane i ei rettskonflikt er i dag mykje brukt.

Stipendiat ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, Ingun Fornes har forska på Restorative justice og straff av barn. Ho forklarar at utgangspunktet i strafferetten er at ein har dei same reglane for barn og vaksne, noko som står i motsetnad til ei rekke andre land som har eigne straffereglar for barn. Noreg har likevel nokre særlege reglar for å ta omsyn til barn, og barnekonvensjonen som skal sørge for at barnet sine interesser blir ivareteke på best mogleg måte. Ein prøver å unngå bruk av varetektsfengsling og fengsel, og straffereaksjonar som blir særlig brukt er overføring til konfliktråd og betinga påtaleunnlatingar.

Eigen ungdomsstraff

Eit nytt lovforslag om eigen ungdomsstraff for ungdom mellom femten og atten år vil opne for konfliktrådsbehandling i meir alvorlege saker enn vi nyttar det i dag. Fornes seier lovforslaget ligg an til å bli gjennomført, og at det vil innebere behandling av saka i konfliktrådet. Dette vil fungere på same måte som betinga dom og samfunnsstraff gjer i dag ved at det er domsprøving før overføring til konfliktrådet, men i ungdomsstraffa vil det vere ei meir omfattande oppfølging i konfliktrådet enn det er i dag. Det vert opna for at meir alvorlege lovbrot kan hamne innanfor ungdomsstraffa. Straffereaksjonane vil derfor kunne vere strengare enn samfunnsstraff, seier Fornes. Ho avviser at ungdomsstraffa vil føre til at valdtektssaker regelmessig vil hamne i konfliktrådet. Det krev inngåande vurderingar for å overføre saker til konfliktrådet, og dei grovaste seksuallovbrota vil truleg ikkje vere aktuelle.

Utfordringa

Restorative justice har gitt gode resultat, seier Fornes, men fara med ein ’fri’ reaksjon er at folk kan gå frå forsoningsmøtet utan å kjenne at dei har oppnådd det ein forventa. Ufordringa for juristane som forskar på området er denne spenninga mellom det frie og fleksible systemet og dei grunnleggjande rettsstatsverdiane og rettssikkerheitsprinsippa. Oppgåva til juristane er å foreine desse to, svært forskjellige systema, forklarar Fornes. Utfordringa er at restorative justice har oppstått som ei motrørsle til strafferettssystemet. Derfor er det viktig å ha tenkt gjennom forholdet til systemet med strafferett.

Partane skal sjølv løyse problemet

Førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet, Camilla Bernt, har forska på meklars rolle ved mekling i sivile saker. Bernt poengterar at meklarrolla er noko heilt anna enn dommarrolla. Ho fortel at ei vanleg misoppfatning er at ein trur at ein meklar kan gi råd eller spå utfallet av ein dom, men dette bør ein profesjonell meklar avstå frå.

Noko av verdien av mekling er at partane sjølve skal komme fram til løysinga på problemet sitt, medan meklaren skal fungere som ein katalysator i prosessen. Denne skal hjelpe partane framover ved å stille gode spørsmål. Rettssikkerheitsomsyn tilseier også at det er eit tydeleg skilje mellom mekling, der partane bestemmer utfallet, og domstolsprosess, der dommaren treffer avgjersla. Er meklaren for evaluerande kan dette skiljet verte uklart.

Bernt trekk fram at rettsreglar er generelle løysingar på spesifikke problem, medan ein får tilpassa løysingar med mekling. Ho seier at partane normalt lever betre med kvarandre når dei inngår ei avtale, heller enn at dei vert påtvinge eit resultat gjennom ein dom.

Artikkelen er henta frå Hubro nummer 3/2011. Tema for nummeret er rettsliggjering av samfunnet. Du kan lese heile magasinet på nett.