Hjem
Aktuelt
Darwindagen 2012

Feirer Darwin med stor historie

UiB si markering av Darwin-dagen ser nærare på dei store linene i historia.

Darwindagen er ei feiring av rasjonalitetetn
Darwindagen er ei feiring av rasjonalitetetn
Foto/ill.:
Maleri av John Collier, eigd av National Portrait Gallery, London.

 

Kvar skal ein byrja for å fortelja ei god historie? Skal ein byrja med grekarane, steinalderen, eller menneske si spede byrjing i Afrika? Kvifor ikkje gå heilt tilbake til The Big Bang, då alt tok til?

Dette er spørsmål ein stiller ved årets Darwindag ved UiB.  International Big History Association (IBHA) samlar historikarar frå heile verda. Dei arbeider for å skapa ei heilskapleg og tverrfagleg tilnærming til forsking og undervising, med eit mål om forklara korleis alt heng saman.

Sjå programmet for Darwindagen her.

Tverrfagleg og stor historie

Jarl Giske, professor ved biologi, er ein av dei som skipar til Darwindagen ved UiB. Han meiner tilnærminga til ei Stor Historie, med vekt på det tverrfaglege, kan vera svært nyttig. Realistar bør ha ei forståing for historiske og samfunnsvitskaplege disiplinar og omvendt.

- Big History meiner det finst eit fagleg landskap der me kan møtast , spesielt når vi ser på korleis mennesket gradvis vert til og utviklar seg. Dei ulike disiplinane veit i høg grad altfor lite om kvarandre. Me kunne hatt stor nytte av å vita meir, seier Giske til uib.no.

Fred Spier er invitert for å introdusera til feltet Big History. Spier underviser i Big History ved Universitetet i Amsterdam, og har organisert og undervist det årlige emnet 'Big History Course' sidan 1994. Spier har mastergrad i biokjemi, mastergrad i kulturantropologi og PhD i kulturantropologi og kulturhistorie. Han er også visepresident i IBHA.

Spier kjem til å halda eit føredrag i Tivoli på Kvarteret klokka 18 på mandag. Føredraget kjem til å gi ei kort oversikt over Big History, og koma inn på fleire store storhistoriske trendar i verda i dag. Tidlegare på dagen skal Spier innleia til lunsjføredrag og diskusjon i Naturhistorisk kafe på Naturhistorisk museum.

Nye forteljingar

Big History-forkjemparane har store ambisjonar, meiner Giske. Ved å visa ei forteljing med element som gjentek seg gjennom historia kan ein fortelja om korleis mennesket har utvikla seg.

- Ein kan til dømes fortelja om den humane historia gjennom energi, korleis det å innføra muskelkrafta til husdyr som oksar og hestar utvikla mennesket, korleis ein seinare utnytta vindkraft og vasskraft. Kvar gong mennesket klarer å hausta meir energi utviklar vi oss. Det setjer også søkjelyset på framtida: me er sju milliardar menneske og er i ferd med å gå tomme for billig energi. Kva vil skje?

Feirer rasjonaliteten

Darwindagen vert ikkje berre feira ved Universitetet i Bergen, men av biologar over heile verda.

- Darwindagen er ei feiring av rasjonalitet. Darwin sette mennesket inn i ein kontekst og viste at me er knytta til våre forløparar og er ein del av ein stor samanheng. Her i Bergen brukar vi dagen til å stilla dei store spørsmåla.

Darwindagen og arrangementa er opne for alle interesserte.

- Eg trur mange av førelesarane ved UiB hadde hatt stort utbytte av å delta. Lektorar i den vidaregåande skulen bør også koma, dette er svært relevant for undervisinga i skulen, trur Giske.