Trappar opp i tropane
Klimaendringar i Asia er det nye satsingsområdet til Bjerknes senter for klimaforsking. – Ein får eit anna perspektiv når ein arbeider med dei områda som vil bli hardast råka, seier professor Tore Furevik.
Hovedinnhold
TEKST: KJERSTIN GJENGEDAL
Det er ein skjebnens ironi at dei landa som har gjort minst for å framkalle menneskeskapte klimaendringar, både er dei som vil få merke dei hardast, og som har minst ressursar til å førebu seg på dei. Bjerknessenteret er no i ferd med å etablere prosjekt i fleire land i søraust-Asia, område som er sterkt utsette for endringar som kjem av global oppvarming.
– Først og fremst handlar det om endringar i nedbør. Kvar blir det tørrare, kvar blir det våtare, og får vi fleire ekstremepisodar? fortel Furevik.
Etter reiser i Asia har Bjerknessenteret no starta samarbeidsprosjekt med forskingsinstitutt i Bangladesh, Vietnam og Thailand. Frå før samarbeider senteret med institusjonar i India og Kina.
Bidrar med betre data
Med utgangspunkt i Bjerknessenteret sin globale klimamodell, blir det produsert modelldata i høg oppløysing for dei aktuelle regionane, supplert med informasjon frå lokale feltstudiar. Kunnskapsoverføring og opplæring i bruken av klimamodellen er ein viktig komponent i alle prosjekta. Forskar Michel d. S. Mesquita har vore i India for å lære opp samarbeidspartnerar i bruken av klimamodellen, og skal halde kurs både i Thailand og India til hausten, der ein vil invitere deltakarar frå fleire land i Asia.
– Globale modellar har grov oppløysing og kan ikkje gje detaljinformasjon om mindre område som Bangladesh eller Nepal. Men med hjelp av regionale modellar med høgare oppløysing kan vi sjå korleis monsunsesongen og skysystema vil utvikle seg, og det gjer det lettare for landa å planlegge politisk når det gjeld slikt som jordbruk og vatnressursar, seier han.
Dette er verdifull informasjon, for mykje tyder på at monsunsesongen vil endre seg og at ekstremepisodane vil bli meir ekstreme i framtida.
Understudert felt
– Vårt geografiske fokus til no har vore Nord-Atlanteren og Arktis. Tropisk klima er eit nytt fagfelt som vi så langt har hatt liten kompetanse på, men no byrjar det å endre seg. Vi har fått ei ny stilling i tropisk meteorologi ved Geofysisk institutt, og før sommaren vil det vere fleire nye tilsette ved UNI Research som vil arbeide med klimaendringar i tropene. Her i Noreg vil klimaendringane bli små og ha relativt liten effekt. Tropene er mykje meir sårbare, og no ser vi at senteret vårt er klart til å gå meir inn i dei globale problemstillingane, meiner Furevik.