Hjem
Aktuelt
BUdsjett 2012

Kvalitet som rettesnor

UiB vedtok torsdag budsjettet for 2012. 2,6 milliardar kroner skal mellom anna brukast til å auka kvaliteteten på forsking og utdanning.

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen sin strategi for 2011 til 2015 speglar seg att i prioriteringane i budsjettforslaget som vart lagt fram for Universitetsstyret torsdag. Gjennom budsjettet ynskjer UiB å oppretthalda den faglege framgangen ved å satsa på grunnleggjande forsking og vidareutvikling av fagdispiplinane i breidda, kan ein lesa i framlegget til budsjett.  I tråd med UiB sin strategi skal mellom anna forskinga, forskingsbasert utdanning, internasjonal mobilitet, samt strategiske forskingsressursar som vitskaplege samlingar og bibliotek styrkast og vidareutviklast.

- Eg tykkjer at budsjettet me har vedteke er ei god oppfølgjing av UiB sin strategi, der kvalitet er rettesnora, sa rektor Sigmund Grønmo til uib.no etter at budsjettet for neste år var diskutert og vedteke i universitetsstyret torsdag.

Styrkar grunnforskinga

Forskingsrådet har føreslått  å auka si frie  prosjektstøtte i 2012. Ordninga skal støtta den frie og grunnleggjande forskinga som skal sikra at ein er klar for møtet med framtidas utfordringar for næringsliv og samfunn.

I tråd med auken frå Forskingsrådet til den grunnleggjande forskinga skal UiB setja av 21 millionar kroner til føremålet. Det er 11 millionar kroner meir enn i 2011.

Meir til fakulteta

Dei siste åra er basisbudsjetta ved fleire fakultet styrka. I 2010 vedtok styret å vidareføra fakulteta sine basisbudsjett, trass i kutt i statsbudsjettet. Prinsippa vart vidareført i 2011, og fakulteta sine basisbudsjett er også styrka gjennom tilførsel av basisløyving for nye studieplassar.

Dei insentivbaserte komponentane i departementet sitt finansieringssystem frå institusjonsnivå til fakulteta er prioritert. Dette inneber at fakultetene får auka vinst når resultata vert forbetra. Samstundes aukar risikoen for svingingar i resultata. Fakulteta har fått større ansvar for prioriteringar og budsjettstyring.

- Dette tyder ei desentralisering av både inntekter og utgifter. Det er både pluss og minus med dette, men samla sett kjem fakulteta til å enda opp med ei nettoauke, sa rektor til uib.no.

Konstruktiv debatt

Budsjettet vakte ein del debatt i styret, og fire tileggspunkt vart lagt til budsjettet. Eitt av dei vedtok å utgreia konsekvensane for fakulteta, og om naudsynt korrigera uheldige konsekvensar.

- Det vart ein konstruktiv debatt, og me fekk fleire verdifulle tilleggspunkt til budsjettet, sa Grønmo.

Også universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken kunne seia seg nøgd med korleis pengane ved UiB skal brukast og administrerast til neste år.

- Eg tykkjer dette er eit budsjett med ein god samanheng mellom prioriteringar, sa ho til uib.no.