Hjem
Aktuelt
NORRØNT

Frå doktorgrad til Melodi Grand Prix

Mellomalderforskar Eldar Heide fekk ein ny grunn til å sjå den norske Grand prix-finalen. Han fann sin eigen teori att i Helene Bøksles Vardlokk.

For dei som kan risikere å bli sitert i arbeidet sitt, kan det vere interessant å google seg sjølv. Då Eldar Heide googla seg sjølv onsdag, fekk han eit treff som fekk han til å heve eit augnebryn eller to.

Lenka gjekk til Helene Bøksles heimeside, som fortel om hennar finalelåt Vardlokk i den norske Melodi Grand Prix-finalen på laurdag. Her går referansen til Eldar Heides doktorgrad frå 2006, ”Gand, seid, åndevind”.

Grunnen til det, er ein mellomalderinteressert tekstforfattar.

Trolldom i Eirik Raudes saga

Ideen til låta Vardlokk fekk tekstforfattar Cecilie Larsen då ho las Eirik Raudes saga. Denne sagaen skildrar den rituelle songen som er kalla varðlokkur på norrønt. Denne vart brukt i den norrøne trolldomsforma seiding.

Larsen er utdanna arkeolog, har religion i fagkrinsen og har alltid vore interessert i middelalderen.

– På denne tida jobba eg i Arkeologisk museum i Stavanger. Eg ville lese meir og fekk tips av kollegaer om avhandlinga til Heide. Eg las den og naut det, seier tekstforfattar Cecilie Larsen til uib.no.

Ifølge Eldar Heide reknar skildringa ein finn i Eirik Raudes saga til å vere den viktigaste skildringa av seid blant dei norrøne tekstane. Hos ein norrøn besetning på Grønland er det uår, og ei ung kvinne vert overtala av ei volve til å synge vardlokk på trass av hennar kristne tru. Det er denne scena som er utgangspunktet for Cecilie Larsens Vardlokk.

– Det er interessant med den krafta som ligg i musikken. Eit religionsskifte provoserer, ein får opp dei menneskelege kjenslene, seier Larsen.


Å møte åndeverda

Den rituelle songen varðlokkur vart brukt under seiding. Seid er ei gammalnordisk trolldomsform som er nemnt i ein god del norrøne tekstar frå 1200-1300-talet. Heide reknar med songen vart brukt for å lokke til seg hjelpeånder.

– Seid er ei ekstatisk form for trolldom som minnar om sjamanistisk religion. Ein går inn i ei transetilstand der kroppen blir liggande livlaus og sjela eller hjelpeånder ferdast til andre stader. Ein kan møte åndeverda, hente ressursar, men også gjere skade på folk, fortel Heide.

I avhandlinga utviklar Heide ein teori om at seiding gjekk ut på å spinne trådar, åndetrådar som ein sende i veg og som ein kunne dra til seg ressursar med. Det er dette som dukkar opp når Helene Bøksle syng sitt finalebirdag.

­­– Åndeutsendingane som vart sende i veg under seiding kunne kallast gandar. Etter mellomalderen har tradisjonen om gandar utvikla seg vidare, slik at ganding i Trøndelag og Nord-Noreg i dag er å kaste vondt over folk, seier Heide.

I dag: vikingsskip

I dag er Larsen lærar i Flekkefjord med eit tekstforfattarfirma. Ho underviser i eldre historie og er opptatt av å sette fortida inn i nye samanhengar.

– Dette er jo ein annan måte å formidle forsking på. Det er veldig kjekt at den kom til finalen, seier arkeolog og historielærar Cecilie Larsen.

Eldar Heide som ikkje var klar over at det er Melodi Grand Prix-finale, har fått ein ny grunn til å setje seg ned framom tv-en i morgon kveld.

– Det er ei fin låt, seier Eldar Heide om Cecilie Larsen og Helene Bøksles Vardlokk.

– Teksten er litt kryptisk, men det er liten vits i å synge om okkulte tema på ein klår måte, seier norrøntforskaren.

I dag jobbar Heide på eit forskingsprosjekt som ser på korleis den maritime tradisjonen i Skandinavia i mellomalderen hadde påverknad på Europa. Heide forskar på ulike nemningar for skipstypar og knyter desse til avbildningar og funn av vikingsskip.

Har du ikkje høyrt Melodi Grand Prix-låta? Høyr den her