Hjem
Aktuelt
Ny undersøkjing

Ettertrakta doktorar

UiB kjem til å utdanna tusen personar med doktorgrad dei neste fire åra. Fleire enn før får jobb utanfor akademia.

Antallet doktorgrader som er avlagt ved UiB har økt fra 158 i 2005, til 254 i...
Antallet doktorgrader som er avlagt ved UiB har økt fra 158 i 2005, til 254 i 2011.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Doktorgradskandidatane er ettertrakta på arbeidmarknaden, viser ei ny undersøkjing, utført av Universitetet i Bergen. Muligheitene for karriere har vorte meir mangfaldig. 

Likevel peiker undersøkjinga på at det private næringslivet ikkje har nok kunnskap om kompetansen hjå kandidatane.

– Undersøkjinga fortel oss at me må vera endå meir målretta i vår kontakt med arbeidslivet. Me må skapa fleire møteplassar, nettverk og dialog og få synleggjort dei som har fått jobb andre stader enn i akademia, seier prorektor ved UiB, Berit Rokne.

Ho nemner særskild UiB si alumnisatsing som eitt viktig kort i arbeidet med å skapa møteplassar.

Les rapporten her (pdf).

Klassiske ferdigheiter

Undersøkjinga viser at arbeidsgjevarane rangerer klassiske forskarkompetansar som metodiske og analytiske ferdigheiter høgast, i tillegg til evna til tilegna seg ny kunnskap raskt.

Ingerid Rødseth disputerte i 2009. I avhandlinga si undersøkte ho korleis ein kan forklara og forbetra avgjerdene ein tek når ein lagar nye brukargrensesnitt for IT-system. I dag jobbar ho i DNB som interaksjonsdesigner, og arbeider med alle dei digitale flatene til banken. I tillegg til spisskompetansen har ho teke med seg fleire erfaringar frå arbeidet med avhandlinga, meiner ho.

– Det å vera nøyaktig og oppteken av kvalitetssikring er viktig for meg. Det er viktig å tenkja seg om før ein set i gang med ei oppgåve. Eg er oppteken av å sjekka kjelder og gjera gode forundersøkjingar, seier ho til uib.no.

Rødseth har også hatt nytte av forskarkompetansen sin, sidan ho jobbar med forskingsprosjektet CSI, eit samarbeid mellom Norges Handelshøyskole og DNB.

– Det er svært positivt at dei fleste med doktoravhandling får bruk for dei meir generelle kunnskapane dei har tileigna seg, det å kunna tileigna seg kunnskap raskt, løysa problem og tenkja kritisk. Doktorutdanninga ved UiB  gir spisskompetanse, men også ei stor breidde som kan nyttast andre stader enn i akademia, seier Rokne.

Eit kvalitetsstempel

I Undersøkjinga fortel fleire av kandidatane at dei vert opplevd som overkvalifiserte av potensielle arbeidsgjevarar.

Rødseth har aldri fått kjensla av at nokon meiner ho er overkvalifisert. Snarare har arbeidsgjevarar sett på graden som eit kvalitetsstempel.

– Før eg byrja i DnB var eg konsulent i EVRY. Dei sette stor pris på å ha nokon med doktorgrad i porteføljen sin.

Rødseth fekk jobb like etter at ho hadde levert avhandlinga, noko som gjeld dei aller fleste kandidatane undersøkjinga har spurt.

Rokne meiner undersøkjinga er viktig for UiB.

– Det er nyttig for oss å vita kvar dei som har teke doktorgrad hjå oss arbeider og med kva. Ikkje minst er det viktig med synspunkt frå arbeidsgjevarane.