Hjem
Aktuelt
Forskingsprosjekt

Skriv Stortingets historie

Eit nytt forskingsprosjekt skal ta for seg Stortinget si historie frå dei siste 50 åra. Tore Grønlie frå UiB er ein av tre som skal leia prosjektet.

Tore Grønlie, professor i historie ved UiB, ser fram til arbeidet.

- Det er ikkje skrive ei samanhengande historie om Stortinget dei siste 60 åra, seier han til uib.no.

Forskningsprosjekt vil ta for seg Stortinget og det parlamentariske systemet i perioden 1964 – 2014. Prosjektet skal leiast av professor Tore Grønlie, Universitetet i Bergen saman med professorane Knut Heidar og Hanne Marthe Narud frå Universitetet i Oslo. Forskingsprosjektet vert utgangspunktet for ei bok som skal koma ut i 2014.

Meir eller mindre makt

Grønlie sitt fokus vert særleg Stortinget si makt og myndigheit.

- Endringar over tid i Stortingets makt og innflytelse, særleg i relasjon til regjeringa og forvaltninga, er det sentrale spørsmålet. Stortinget kan ha gitt frå seg makt på somme område, men fått meir på andre, seier professoren.

Grønlie har mellom anna forska på sentraladministrasjonens historie, som står sentralt  forskningsfeltet styrings- og forvaltningshistorie, og sett på forholdet mellom politikk og forvalting og styring og forvalting av fristilte statsinstitusjonar.

Grunnlag for debatt

- Me er svært nøgde med at leiande forskarar har påtatt seg denne oppgåva. Ny kunnskap om Stortinget vil leggja grunnlaget for debatt og refleksjon ved grunnslovjubileet i 2014, seier Stortingets direktør Hans Brattestå i ei pressemelding.

Les meir på Stortinget sine nettsider.

Prosjektet har ei budsjettramme på 6,9 millionar.

Grønlie påpeiker at instituttet hans også tidlegare har vore involvert i dokumentering av Stortinget si historie.

- Alf Kaartvedt og Rolf Danielsen frå Universitetet i Bergen skreiv bind 1 og 2 i verket om Stortinget som kom ut i 1964.

 I 1964 vart eit firebinds verk om Stortingets historie i heile perioden 1814 – 1964 utgitt. Den nye boka vil koma i forlengelsen av dette verket.