Hjem
Aktuelt
Krisa i Japan

Støttearrangement for Japan

Krisa i Japan har gått inn på mange. Tysdag inviterer UiB til eit møte for å markera støtte og å bidra med kunnskap om landet og situasjonen.

Hovedinnhold

Jordskjelvet, tsunamien og øydeleggingane i Japan har fått store konsekvensar. Tysdag klokka 12 i Auditorium 2 på Dragefjellet arrangerer Universitetet i Bergen eit møte der ein vil markera støtte til dei som er ramma av naturkatastrofa i landet. Ikkje minst vil ein bidra med kunnskap om hendingane og Japan.

Ope for alle

Møtet er ope for alle, både studentar, tilsette, media og alle andre som vil markera støtte og læra meir om situasjonen.

Les også: Krisen i Japan

Kuvvet Atakan er viserektor for utdanning ved UiB og professor i geodynamikk. Han er ekspert på jordskjelv og tsunamiar og vil presentere oppdatert kunnskap frå situasjonen i Japan.
Jan S. Vaagen, professor ved Institutt for fysikk og teknologi fortel om atomkraft, medan førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, Jan Oskar Engene,  snakkar om inntrykk frå politiske situasjonen i landet.

Japanske studentar deltek

Ikkje minst vil Benedicte Irgens, førstelektor i japansk og ei av dei som kjenner Japan best ved UiB, i samarbeid med japanske studentar, fortelja om Japan og kva inntrykk jordskjelvet har hatt.

Representantar frå Røde Kors fortel om hjelpearbeidet som er utført i landet.

Møtet kjem etter initiativ frå leiinga, men det er eit også eit sterkt ønske i organisasjonen om å markera solidaritet og støtte. UiB har hatt fem utvekslingsstudentar i Japan under jordskjelvet. I tillegg oppheld 17 japanske utvekslingsstudentar seg ved UiB i desse dagar.