Hjem
Aktuelt

Å steppe inn for John Birks

På kort varsel måtte John Arvid Grytnes halde opningsforedraget på biodiversitetkonferanse i Kathmandu, Nepal.

HIMALINES: Nepalesiske og bergenske samarbeidspartnarar på utflukt. Her på...
HIMALINES: Nepalesiske og bergenske samarbeidspartnarar på utflukt. Her på Toplang med 8000 meters fjell i bakgrunnen. Frå venstre, Khem Raj Bhattarai, Lila Nath Sharna, Inger Elisabeth Måren, John Arvid Grytnes og Liv Shelby.
Foto/ill.:
Gudrun Sylte

Hovedinnhold

Lørdag 11. desember.

– Må eg ha slips også?, spør John Arvid Grytnes, førsteamanuensis i biologi ved UiB.

– Ja, svarar Ernst Nordtveit, professor i juss, også UiB.

Nordtveit og Grytnes er downtown Kathmandu for å kjøpe ny dress. Neste morgon skal konferansen om biodiversitet, livelihood og klimaendringar opnast.

Ein time tidlegare, på Summit Hotel, informerer professor i biologi og konferansekoordinator Ram P. Chaudhary om morgondagens program. John Birks, professor i biologi ved UiB er invitert til å halde opningsforedraget og også ein liten opningstale. Det vert prominente gjester, den nepalesiske presidenten har meldt sin ankomst.

Men John Birks er sjuk heime i Bergen, etter eit ublidt møte med ein sørafrikansk flått. I Birks’ fråver må Nordtveit halde tale i opningsprogrammet. Jussprofessoren reagerer med det same.

– Skal eg møte presidenten, må eg ha ny dress, seier han resolutt.

– Oi, må eg også ha dress?, spør Grytnes, som har vore førebudd eit par dagar på at han kanskje må halde Birks ferdiglaga foredrag. Men dresskoden, den har ikkje vore påtenkt.

Sikrar biodiversitet for framtida

Det er på tampen av FN-året for biodiversitet 2010. Saman med Tribhuvan University i Kathmandu er Universitetet i Bergen medarrangør for konferansen om biodiversitet, levebrød og klimaendringar i Himalayaregionen.

Universitetet i Bergen har sidan tidleg 1990-tal hatt eit samarbeid med Tribhuvan University, særleg innan biologi, men også i geografi, sosialantropologi og no er eit samarbeid på det juridiske feltet på trappene. Sidan 2009 har Ernst Nordtveit leia HimaLines-prosjektet, der ein både ser på det botaniske og det juridiske ved bevaring av skog i Nepal.

- Nepal og Himalayaregionen er eit ekstremt rikt på biodiversitet. Ein av grunnane til det, er at det har så store høgdeforskjellar og stor forskjell i nedbørsmengde. Nepal på forsida av Himalaya har mykje nedbør frå skyer som sig inn frå det indiske subkontinentet, og Tibet på baksida av Himalaya ligg i regnskygge. Ein annan grunn er at Nepal grensar til mange floraregionar, seier Inger Elisabeth Måren, post.dok ved Uni Bjerknes.

Saman med biolog Vigdis Vanvik styrer ho den biologiske forskingsbiten på prosjektet.

Vern av skog

På same måte som i Noreg har Nepal lang tradisjon for vern av skog, og ulike typar vern av skog. Men Nepal har også ei stadig veksande befolkning som lever av og gjer bruk av skogen. Befolkninga hentar mellom anna brensel, dyrefor og vekster til medisinsk bruk. Dette har ein gjort til alle tider, men når befolkninga veks, kjem ein til eit punkt der utnyttinga av skogen ikkje lenger er bærekraftig.

HimaLines-prosjektet er tverrfagleg, for å analysere kva verknad av ulike rettighetsystem og rettsleg regulering har på utvikling av biodiversitet, særleg i forhold til skogsbevaring. Juristar, biologar og geografar er med i prosjektet, der ein undersøker kva effekt reguleringa har. I den juridiske delen av prosjektet ser professor Ernst Nordtveit og ph.d-student Liv Shelby, på forholda mellom skog som er forvalta av innbyggjarane, statseigd skog og privat skog.

Neste år er FN-år for skog

Tilbake på scenen i Nepal Academy, Kathmandu, søndag 12. desember. Ernst Nordtveit er først ut blant dei utanlandske gjestene i den høgtidelege opningsseremonien.

– Forsking, utdanning og utvikling av universitet har spelt ei viktig rolle i utviklinga av alle statar, og særleg i utviklinga av demokrati og rettsystem, seier han frå talarstolen.

Kalemani Jo Mulongoy, frå sekreteriatet ved FN-konvensjonen om bevaring av biodiversitet i Canada, minner om 2010 som eit år med ekstrem hete, flommar og jordskjelv.

– Det er viktig å behalde biodiversitet i verda, og det er me i dei fattige landa som først merkar konsekvensane av klimaendringar og fall i  biodiversitet, seier Mulongoy og referer til sine anar frå Afrika.

Også Nepal er eit av verdas fattigaste land, ein reknar at ein stor del av befolkninga er underernærte. Svært mange er avhengig av skogen, og avskoging er eit problem i landet.

– Tjueto land er representert på denne konferansen, inkludert FN og EU. Eg er svært glad de alle er samla her i mitt land i dag, seier Ram Baran Yadav, den nepalesiske presidenten.

I løpet av dei neste konferansedagane vil fem forskarar frå UiB halde sine innlegg. Gjennom HimaLines-prosjektet er konferansen sponsa av UiB og Forskingsrådet.