Eit vindauge i havet
Eit nytt havobservatorium på havbotnen i Norskehavet vil gje forskarane sanntidsdata rett inn på kontoret. Observatoriet kan fylle kunnskapsgap om havet for fleire fagdisiplinar.
Hovedinnhold
– Havbotnen er den store uoppdaga verda. Havbotnen er mindre kjent enn overflata på månen, seier Peter M. Haugan, oseanograf og prosjektleiar for COSMOS.
COSMOS står for Cabled Observatories for Monitoring the Ocean System, og er med norske ord eit havobservatorium der ein plasserer ut plattformar på havbotnen med mange ulike sensorar. Desse sensorane vil sende data kontinuerleg ved å vere forbunde med ein landstasjon via kabel. Peter Haugan kallar det eit vindauga i havet, gjennom desse sensorane får ein med seg både biologiske, geologiske og geokjemiske prosessar på havbotnen, og ein kan få med seg det som skjer i vassøyla. Biologane kan med kamera filme livet på havbotnen i sitt naturlege miljø, høgt trykk gjer det vanskeleg å gjenskape dette miljøet i laboratorium på land.
På torsdag samlast NOON-nettverket for å presentere planane. NOON står for Norwegian Ocean Observatory Network. Det består av Universitetet i Bergen, Uni Research, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, Havforskingsinstituttet, Forsvarets forskningsinstitutt, Christian Michelsen Research, Sintef og Statoil. Sidan 2007 har nettverket jobba for å få til eit kabelbasert havobservatorium.
Milepæl for havforskinga
– Havobservatoriet vil gje sanntidsdata rett inn på kontoret. Forskaren kan sitte på kontoret og gjere mange ting interaktivt. Ein kan dirigere instrumenta og sjå i ulike retningar alt etter kva ein vil undersøke. Det blir eit vindauga i havet, ein får med seg biologiske og geologiske prosessar, ein får med seg det som skjer av geokjemisk aktivitet på havbotnen og prosessar i vannsøyla, seier Haugan.
Forskarane vil plassere ut plattformar på havbotnen heile vegen frå kysten, ut over skråninga ved kontinentalsokkelen. Ifølge Haugan føregår det mykje spanande fysikk og kjemi her, med metanhydrat som endrar seg, CO2 som slepper ut også vidare. Vidare vil kabelobservatoriet gå ned i sjølve djuphavet. Fordelen ved Norskekysten er at det er relativt kort veg frå land og ned i djuphavet.
Observatoriet vil gå inn i eit nettverk av havobservatorium som er etablert andre stader på kloden. Det største i dag ligg i Canada, der ein på same måte som det planlagte norske observatoriet inkluderer dei tre fagområda biologi, geologi og det fysiske havmiljøet. I Japan har ein også eit utstrakt anlegg, men det er spesialisert på jordskjelv. Japan har kome lengst på overvåking i forhold til varsling av jordskjelv og tsunami.
Prislapp: 188 MNOK
For å sette havobservatoriet ut i livet har NOON-nettverket søkt om 188 millionar norske kroner frå Forskingsrådets infrastrukturprogram. Det er ein omfattande prislapp, men Haugan peiker på at dette er ein nasjonal forskingsfasilitet, der miljø over heile landet står bak.
– Dette gjer at me kan komme i front internasjonalt og utforske dei områda som Noreg bør vere sentral på. Det er ikkje naturleg at andre land enn Noreg utforskar desse havområda. Me ser også føre oss at andre land er med og utviklar dette vidare ut i djuphavet i eit større system, seier Peter Haugan.
Samanlikna med andre laboratoriemiljø som til dømes CERN, dette har dei marine faga ikkje noko liknande utstyr. Havobservatoriet vil ikkje erstatte forskingsfartya, men vil gje heilt andre og supplerande data frå havet.
Haugan meiner Noreg har ein spesiell god mulighet til å utvikle havobservatoriet, på grunnlag av teknologien som allereie er utvikla for oljesektoren for å kommunisere med og styre oljeproduksjonen under vatn.
– Me kan få til løysingar som er i verdstoppen, når det gjeld måtar å kommunisere med og styre forskingsinstallasjonane på havbotnen. Dette er veldig spanande teknologi som er klar til å ta i bruk, seier Haugan.