Hjem
Aktuelt
Konferanse

Det viktige vatnet

Vår tidsepoke kan kallast ”usikkerhetens tidsalder”, meiner Terje Tvedt. Lever vi i eit århundre med flommar eller tørke? Tilhøvet mellom vatn og samfunnsutvikling er tema for konferansen The Age of Uncertainty.

Denne uvissa om framtidas klima dreier seg i stor grad om korleis vatnet kjem til å renna i landskapet, meiner Terje Tvedt.

- Dette er ein ny måte å tenkja om framtida, primært med grunnlag i ny kunnskap om at klimaet har endra seg radikalt historisk. Denne uvissa vil ikkje forsvinne. Den vil påverke geopolitiske strategiar, samfunnsplanlegging på alle nivå, investeringar og lignende. Det er ikkje lenger mogleg å tru at det klima og det vatnlandskapet vi har i dag ikkje vil endra seg, fordi vi no veit det har endra seg tidlegare. Men ingen veit sikkert korleis det vil endra seg i framtida, seier Terje Tvedt.

Professoren er primus motor bak konferansen ”The Age of Uncertainty” som vert arrangert i Egget på Studensenteret ved Universitetet i Bergen 16.-18. februar. Den tre dagar lange konferansen tek opp forholdet mellom vatn, sosial utvikling og miljø, med særskild fokus på korleis ulike vasssystem påvirkar ulike samfunn si utvikling.

Vatn og historia

Tvedt har arbeidd med å utvikla perspektiv og omgrep som kan brukast til å studera tilhøvet mellom vatn og samfunn komparativt. Han har forska på elementet i ei årrekkje, skrive fleire bøker og artiklar om emnet og står mellom anna bak dei prisløna dokumentarane ”En reise i vannets historie” og ”En reise i vannets fremtid”.

 - Ser me på sivilasjonars vekst og fall, til dømes Angkor Wat, Sumer-riket og Indus-sivilisasjonen, blir alle desse no også analysert i eit vassperspektiv. Kva har endringer i vassystema hatt å seie for deira historie? Eg meiner det er fruktbart å studere tilhøve vatn-samfunn, fordi vatnet er den einaste ressursen alle samfunn til alle tider har vore nøydde til å forhalda seg til og som dei har kunne kontrollera. Om vitskap dreiar seg om å kasta nytt lys på ting vi trur vi veit men kanskje ikkje heilt forstår, kan det vera fruktbart å bruka dette perspektivet, seier Tvedt.

Under isen

For å forstå prosessar rundt klimaendringar og korleis samfunn handterar dei trur eg det er ein fordel å analysera dei innanfor eit globalt perspektiv. Til dømes vil somme område verta hardt ramma av ei type klimaendringar, medan andre kan oppleva positive konsekvensar eller ikkje verta ramma i det heile av dei samme endringane, meiner Tvedt.

- Me er heller ikkje no i same båt. Om isen smeltar på Grønland vil det få store konsekvensar for havnivået. Grønland kan derimot tena enormt på vasskraft, isen vil jo ikkje smelta over natta. Ein kan jo også tenkja på kva som skjuler seg under isen. For den som ikkje likar å frysa er det ikkje så ille om isen på Grønland smelter, seier Tvedt.

Tverrfagleg tilnærming

Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom forskergruppa ”Understanding the Role of Water in History and Development” ved The Centre for Advanced Study (CAS) ved Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo som Tvedt var leiar for, og Institutt for geografi, Nile Basin Resarch Program og Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved UiB, og Nordiska Afrikainstituttet i Uppsala, Sverige.

Både naturvitarar og samfunnsvitarar deltek på den tre dagar lange konferansen. Tvedt peiker på at ei slik tverrfagleg tilnærming må til for å skapa ny forståing på dette feltet.

- Samfunnsvitarar kan ikkje forstå korleis endringer i klima kan virke inn på samfunn utan innsikter hjå naturvitskapen, og naturvitarar har ofte vore grunne og mekaniske når dei har søkt å analysera korleis samfunn vil reagere på endringar i klima. 

Under konferansen vert storverket A History of Water  lansert. Tvedt har vore serieredaktør for bokserien på seks bind, der kring 120 forskarar frå 80 land bidreg.