Hjem
Aktuelt
Bergen Museum

Naturhistoriske samlingar opne

Eitt års ventetid er over. No opnar Bergen Museum dei naturhistoriske samlingane att.

Hovedinnhold

Sidan april 2010 har fasaden vore gjennom ei større renovering. Mellom anna er vindauga pussa opp, noko som gjorde at ein måtte flytta og stengja utstillinga. Frå tysdag 22. februar er dei fleste utstillingane tilgjengelege for publikum.

- Det er kjekt å kunna opna att, tyngden av publikummet vårt kjem via dei naturhistoriske samlingane, seier Jo Høyer, informasjonskoordinator ved Bergen Museum til uib.no.

Klosterliv og botanikk

Frå tysdag og framover kan museumsbesøkande sjå to vandreutstillingar, Klosterliv og Meteoritter: med hilsen fra verdensrommet, i tillegg til dei faste utstillingane.

- Men det eg synst er mest spanande er at me har nyrenovert to utstillingar. Botanisk systematikk er blitt finare enn nokon gong, seier Høyer.

Utstillingane Klosterliv og Kolonitid er teikn på ei tettare samanknyting av kultur- og naturhistorie på museet. Høyer understrekar at Bergen Museum har to bygg: dei kulturhistoriske og dei naturhistoriske samlingane.

- Det ligg store muligheiter i å visa utstillingar med både natur- og kulturhistorisk innhald. Dei to er tett samanknytt, seier han.

Kval om eitt år

Dei naturhistoriske samlingane si store samling av kvalskjelett er framleis under sikring og reingjering. Ei internasjonal gruppe er no halvvegs i prosjektet.  Det er ikkje gjort i ein fei å reingjera kvalskjelett som har samla støv i årevis.

- Det er eit utruleg spanande prosjekt, og det er mykje å læra. Gruppa får prøvd ut ulike metodar, alt frå reingjering med laser til sandblåsing og støvsuging, seier Høyer.

Publikum kan likevel få eit glimt av kvalane, om enn på film som vert vist utafor kvalrommet. I tillegg røper Høyer at det kan verta høve til at små grupper kan få omvising og sjå korleis restaureringa går føre seg.

Natt på museet

Det er liten tvil om at publikum har sakna dei naturhistoriske samlingane ved Bergen Museum. Høyer har fått fleire telefonar frå publikum som har spurt kva tid ein opnar att, særleg frå barnefamiliar. Den 2. mars opnar museet dørene for nettopp denne målgruppa og arrangerer Natt på museet – safari i mørket, der barn utstyrt med lommelykt får utforska eit mørklagt museum.

Høyer ser fram til opninga av dei naturhistoriske samlingane.

- Museet er staden der universitetet møter det ålmenne publikum og ein arena der me kan formidla forsking og kunnskap til dei. UiB må nytta den sjansen endå betre i framtida.