Hjem
Aktuelt
Litteraturvitskap

Sin eigen sjanger

Han har då klart seg greitt, seier han. 20. mars fyller professor i allmenn litteraturvitskap, Atle Kittang, 70 år. No takkar han for seg.

Hovedinnhold

AV TERESA GRØTAN

Det er fredag formiddag, og barnebarnet på ni månader har nettopp forlate kontoret saman med faren, ein av Kittangs to søner. Ute er marsdagen grå. Professoren er i godt humør.

– Det er vel ein eigen sjanger dette, avskjedsintervju, seier Atle Kittang.

– Ja? Det er første gong eg gjer det, i så fall.

– Eg òg. Då er vi i same båt, seier Kittang og ler.

For 37 år sidan blei den 33-årige Atle Kittang tilsett som den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg. Instituttet var nyoppretta, og den unge professoren fekk hovudansvaret for å bygge det opp. Kittang har sidan skrive og redigert eit 20-tals bøker, vore aktiv innan universitets- og forskingspolitikk og som undervisar, føredragshaldar og offentleg debattant, og har dessutan mottatt pris for forskinga si. No går ein av Noregs fremste humanvitskaplege forskarar av med pensjon.

– Korleis kjennest det å skulle forlate universitetet etter 37 år?

– Eg har vore professor i 37 år, men på løningslistene her i 45. Det er mange år. Ein del av meg seier at no er det nok, og så er det ein annan del som synest at det er litt leit. Det er ei psykologisk greie, kanskje, det markerer at no, no er eg i all fall ikkje ung lenger. Men eg har håp om å fortsette med fagleg arbeid som emeritus.

Professor og småbarnspappa

– Korleis blei du professor i litteraturvitskap? Har du alltid vore interessert i litteratur?

– Eg har vel eigentleg det. Då eg var gutunge, var eg ein lesehest. Då eg byrja å studere blei det filologi med fransk og tysk. Det var først og fremst litteraturen som interesserte meg. Så var eg innom filosofi, før eg tok magistergraden i litteraturvitskap. Og korleis eg blei professor i allmenn litteraturvitskap? Det var ved å søke på ei stilling som blei etablert for faget.

– Du var jo veldig ung, den gongen.

– Ja, eg var 33 då eg blei professor, og det er klart, det var ungt. Eg har ofte tenkt på at det kanskje var litt i yngste laget.

–  Spøkte du då du sa at du kanskje var for ung?

– Nei, eg har tenkt på det. Eg fekk hovudansvar for eit fag som var under oppbygging samtidig som eg var småbarnspappa, så... Livsfasen var temmeleg tett.

– Men som du seier, så har du jo klart deg.

– Det gjekk jo greitt, ja.

Ein ekte antropolog

– Då du fekk Forskingsrådets pris for framifrå forsking i 2003, hevda juryen at du var ein ”ekte humanist”. Kva legg du i det?

– I det legg eg at det som opptar meg djupast sett, er å finne ut noko om kva det vil seie å vere menneske. Og dei tematiske vala eg har tatt som litteraturforskar, heng saman med det. Mennesket har alltid fabulert og fantasert og har laga det vi i moderne tid kallar for kunst og litteratur, som regel til inga praktisk nytte. Og da kan det store humanvitskaplege spørsmålet vere: Kvifor i all verda driv menneske på med det? Kva slags behov er det uttrykk for? Men i staden for å snakke om å vere humanist, vil eg gjerne hente inn igjen det gode, gamle ordet antropolog. Det er eit like godt uttrykk, for til humanist kleber det til at du skal representere visse menneskelege eller moralske verdiar.

– Ja, den tydinga du no snakkar om, er gjerne den vi nyttar i dagleg tale. Men når Forskingsrådet bruke omgrepet i si grunngjeving, må det jo vere meint meir i den tydinga du først snakka om.

– Ja, eg håpar jo det. Forsking skal ikkje vere diktert av verdipreferansar, men av fagleg nysgjerrigheit.

Universitas, det heile

– Kva vil du seie er det viktigaste du har oppnådd i di lange karriere?

– Skal eg vere heilt ærleg, så går eg ikkje rundt og stiller meg slike spørsmål. Først og fremst føler eg meg privilegert som har fått jobbe med allmenn litteraturvitskap i ein periode då dette faget har hatt innverknad og gjennomslagskraft. Og så har eg laga nokre bøker som har stått seg.

– Nokre du vil trekke fram?

– Eg fekk ei honoraravrekning frå Universitetsforlaget for eit par dagar sidan. Der gjekk det fram at boka om lyrikk, Lyriske strukturer, som Asbjørn Aarseth og eg ga ut i 1968, den sel framleis. Og det er på mange måtar heilt utruleg, vi hadde ingen tankar om at den skulle slå inn som den gjorde. Elles er eg nøgd med dei tre store monografiane om Rimbaud, Hamsun og Ibsen. Sjølv om dei to siste har vekt ein del debatt og kritikk, synest eg vel at der er eg om lag på høgde med meg sjølv. Og så har eg fått bidra i universitetspolitiske samanhengar lokalt og nasjonalt, og har slik hatt høve til å lære andre fagområde å kjenne. Det er ei erfaring eg set ualminneleg stor pris på. Eg trur at om universitetsforskarar hadde hatt betre vilkår for å lære andre fag å kjenne, hadde vi vore nærare idealet om kva eit universitet skal vere, nemleg universitas – ein heilskap og eit fellesskap.

Surrealisme og poesi

– Har du nokre konkrete forskings- eller bokplanar i tida framover?

– Eg har to planar. Den eine er å vende tilbake til mitt spesiale frå unge dagar, fransk surrealisme. Den andre er å samle saman ein del tekstar og idéar og lage ei bok med poesilesingar, både fordi poesien har lege mitt faglege hjarte nærast, og fordi den er så undereksponert i dagens litterære rom.

– Så du høyrer ikkje til dei pensjonistane som skal tilbringe tida på hytta, i båten, på fjellet...

– Det å gå i fjellet har eg alltid gjort. Men når du jobbar som forskar og universitetsmenneske så blir det ein livsstil i atskilleg større grad enn om du jobbar ni til fire. Sjølvsagt er det mange pensjonistar blant oss som seier at nok er nok og flyttar på hytta eller til Spania, men det er forbløffande mange som held koken.

– Får du behalde kontoret?

– Eg får behalde det ut semesteret. Så blir eg nok plassert saman med andre emeriti i Frieles gate, der fakultetet har ei slags ”geriatrisk avdeling”. Det synest eg er leit, fordi emeriti burde ha høve til å halde kontakten med fagmiljøet.  Eg beklagar at universitetet ikkje har manna seg opp til å lage ein skikkeleg seniorpolitikk, og at dei ikkje ser kva slags gode og billege ressursar som finst i den kategorien eg no skal tilhøyre. Vi blir ikkje demente i den augneblinken vi må gå for aldersgrensa.

 

Fakta/ Atle Kittang

  • Født 20. mars 1941 i Florø
  • Andre gongs gift, to søner, fire barnebarn
  • Dr. philos ved UiB i 1973
  • Universitetsstipendiat og lektor ved UiB i fransk litteratur 1966-1974
  • Første professor i allmenn litteraturvitskap ved UiB i 1974
  • Fekk, som første innan humaniora, Forskingsrådets pris for framifrå forsking i 2003
  • Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, Det Norske Videnskaps-Akademi og Vetenskapssocieteten i Lund
  • Hatt ei rekkje verv lokalt, nasjonalt og internasjonalt (mellom anna i Det akademiske kollegium, i NAVF/Rådet for humanistisk forskning og i The Standing Committee for the Humanities)
  • Professor II ved NTNU (1997-2002) og ved Senter for Ibsenstudier ved UiO (2002-2009)

 

Utvalde publikasjonar:

Lyriske strukturer (med Asbjørn Aarseth) (1968)
Discours et jeu. Essai d’analyse des textes d’Arthur Rimbaud
(1975)
Litteraturkritiske problem
(1975)
Luft, vind, ingenting.
Knut Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet  (1984)
Moderne litteraturteori – en innføring
(med m.a. Arild Linneberg) (1993)
Sigmund Freud
(1997)
Ibsens heroisme: Frå Brand til Når vi døde vågner
(2002)
Diktekunstens relasjonar. Estetikk, kultur, politikk
(2009)