Bevar meg vel
Nepal sine bratte skogar blir saumfart av bergenske botanikarar. Samstundes jobbar juristar for å finne den beste måten å verne skog.

Hovedinnhold
8. desember 2010. Me går i marsjhøgde kring 10. 000 meter over bakken. Sidan me letta i Abu Dhabi har me kryssa Omangulfen og Pakistan. I det fjerne tronar ei fjellkjede. Gjennom det vesle runde glaset kjem den nærare og nærare. Det er Himalaya.
Framleis er landskapet flatt. Eit slettelandskap, med dyrka mark og elvar som slyngar seg sørover og nedover. Ein stad under oss går grensa mellom India og Nepal. Slettelandskapet går over i eit kupert, irrgrønt og frodig område. Det er dei såkalla ”Middle Hills”, eit folda landskap med åskammar på kring 2-3000 meter over havet, med dalar på kring 1000 m.o.h. Ein av dalane er Kathmandudalen. Den er dekka av ei tjukk brungrå skodde. Om me skulle rangere verdas byar etter reinaste luft, ligg nok Kathmandu i feil ende av skalaen.
SIMBHANJYANG 2488 m.o.h.
Ei gruppe botanikarar frå Nepal og Noreg ruslar ein tur i det som ein gong var eit frodig landskap. Det som var ein skog ser no meir ut som eit kultivert parklandskap med gras på bakken, og god plass mellom tre og buskar. På åskammen står ei rekke snauklipte tre.
I Nepal har folketalet lenge vakse kraftig. Opp mot 70 prosent av dei vel 29. millionar innbyggjarane lever av skogbruk, og landet er rekna for å vere eit av dei fattigaste i verda. Folket som bur i Simbhanjyang bruker skogen til dagleg virke. Lauv blir fôr til dyra, bladstrø frå skogbotnen, kvistar og greiner blir til dekke for dyra og seinare naturgjødsel til åkrane.
– Dette er noko folk i Nepal har gjort til alle tider. Men når det stadig vert fleire folk og alle tar litt og litt kvar dag, kjem ein til eit punkt der det ikkje er meir å ta. Skogen klarar ikkje å fornye seg. Dette vert kalla kronisk skogsredusering og er eit generelt problem i dei fleste subtropiske og tropiske skogsstrøk. Særleg kring Kathmandu er trykket stort.
Det seier Inger Elisabeth Måren, planteøkolog og postdoktor ved Uni Bjerknessenteret. Ho er med i forskingsprosjektet HimaLines, eit samarbeidsprosjekt mellom UiB, Uni Research og Tribhuvan University i Kathmandu. Vigdis Vandvik, professor i biologi og Ernst Nordtveit, professor i juss, leier det tverrvitskaplege HimaLines-prosjektet.
– Me skal analysere verknaden av ulike rettssystem og rettsleg regulering i forhold til utvikling av biodiversitet, særleg i forhold til skog. Me spør kva effekt ulike eigarformer og reguleringar har innanfor og utanfor dei verna områda. Me ser på forholda mellom lokalforvalta skogsalmenningar, skogsområda som er forvalta av innbyggarar, statsskog og privatskog, seier Nordtveit, som også er leiar for forskargruppa for naturressurs, miljø- og utviklingsrett.
Almenningens tragedie
I Nepal finnest det fleire typar vern og forvaltingssystem for skog. Ein har strengt bevokta nasjonalparkar, ein har privatskog, heilag skog, statsskog, skog som er drifta av lokalbefolkninga, og skog som ikkje er verna i det heile.
I 1968 vart essayet ”The Tragedy of the Commons” av naturvitaren Garret Hardin publisert i Science. Kort sagt meinte Hardin at naturressursar som er opne for alle vil bli øydelagt. Skal ein bevare ein ressurs, må den privatiserast eller regulerast statleg.
Eit døme på dette kan vere overfisket som førte til kollaps i sildebestanden ved Norskekysten mot slutten av 1960-talet, eller reindriftsnæringa på Finnmarksvidda. Skogen ved Simbhanjyang er eit anna døme. Folk er fattige og hentar av skogen for å overleve frå dag til dag. Den kortsiktige vinsten som inneber overforbruk er viktigare enn det faktum at alle vil tape på overforbruket på lang sikt.
Elinor Ostrom, som fekk Nobels minnepris i økonomi som første kvinne i 2009, har i si forsking undersøkt påstandane om allmenningens tragedie. Ostrom si forsking går mot Hardin sin påstand om allmenningens tragedie, og viser med fleire døme at kollektiv forvaltning av ressursar kan fungere godt. I sitt arbeid tok Ostrom utgangspunkt nettopp i Nepal si ordning med Community Forestry, ei ordning der den lokale befolkninga får eit forvaltningsansvar for eit skogsområde rundt landsbyane som normalt er statseigd. Skogen vert då forvalta av lokalbefolkninga, kjent som ”Forest User Groups” – skogsbrukargrupper.
Sjå bildekarusell her, klikk på bildet for å bla
Suksesshistoria frå Nepal
– Community Forestry er ei suksesshistorie frå Nepal. Den viser at det går an å forvalte skog gjennom lokalt styre, eit allmenningstyre til felles beste. Slik Ostrom har vist, er almenninga ei forvaltingsform som fungerer, innan gitte rammer, seier Inger Elisabeth Måren.
Me har køyrt frå Kathmandu tidleg om morgonen. Jeepen klatrar no oppover bratte skråningar. Ein kjerreveg i tørr sand og stein er kutta inn i den bratte fjellsida litt sør for Kathmandu. Sakte passerer jeepen hårnålssvingar, lirkar seg forbi bilar, små bussar og mopedar som krabbar sakte nedover mot storbyen. Me kjem høgare og høgare over Kathmandudalen, kjenner lufta bli klårare, reinare, ser Himalaya med sine spisse kvite toppar reise seg i nord.
På toppen, Toplang, som ragar 2300 meter over havet, er skogen ein lokalforvalta skogsalmenning, forvalta av den lokale skogsbrukargruppa. Sekretariatet, eller rådet for skogsforvaltinga, er vald blant medlemmene i landsbyen. Leiaren for sekretariatet har vore leiar sidan skogsbrukargruppa vart oppretta for nitten år sidan.
Sekretariatet bestemmer kor store ressursar som kan hentast ut, dei bestemmer kva for tre som kan fellast og kven som kan få eit tre. Slik passar ein på at ein ikkje tar for mykje av skogen. No og då kjem representantar frå styresmaktene innom, for å følgje opp om gruppa styrer etter føresetnadane.
Skogen ved Toplang er eit av fleire gode tilfelle der systemet med lokalforvalta skog fungerer godt med tanke på bevaring eller reduksjon i avskoging. Kritikken mot denne forvaltningsforma er klassisk, den går på at det gjerne er personar med mykje makt som styrer, og som tar ut mest ressursar frå skogane.
– I Nepal, der kastesystemet framleis står sterkt og likestilling ikkje har kome særleg langt, er det kvinner og dei marginaliserte, fattige lavkastane som er taparane, seier Måren.
Ny konstitusjon
I Nepal vart kong Gyanendra kasta i 2006, og sidan valet i 2008 har ein hatt republikk styrt av ei overgangsregjering. I løpet av dette året skal landet få ny konstitusjon, ny grunnlov. Som eit av dei første landa i verda er omsynet til naturen med som eit utgangspunkt for den nye konstitusjonen. Her heiter det at ein skal bevare naturen for seinare generasjonar.
– Nepalesisk konstitusjon går langt i å framheve naturressursar som basis. Det er ikkje mange land som har gått så langt som dette, men så er dette ei moderne og ny grunnlov, seier Ernst Nordtveit.
I utkastet til den nye grunnlova er naturen også framheva som økonomisk verdi på grunn av turistmarknaden. Folk reiser hit for å oppleve naturen, mange jobbar som sherpaer. 2011 er Nepals nasjonale turistår, den midlertidige regjeringa har lagt seg i selen for ei supersatsing på turisme.
Medan botanikarane i HimaLines-prosjektet undersøker kva menneskeleg aktivitet som kan vere skadeleg for skogen, prøver juristane å seie noko om korleis ein rettsleg kan eller bør styre denne aktiviteten. Nordtveit viser til eit generelt dilemma ved miljøproblem, dei er ofte usynlege inntil dei har blitt eit problem. Og då kan det vere for seint å reagere.
– Miljømessig skade er ofte eit resultat av uskyldige hendingar isolert sett, men som samla har større effekt. Det gjer det vanskeleg for den einskilde å sjå konsekvensane av handlingane sine. Det er viktig å ha eigedomsordningar som gjev borgarane rette insentiv. Eit anna problem er at økosystema ofte er grenseoverskridande. Det fører til at me på global skala treng me nye reguleringar og kanskje nye interstatlege lovreguleringar, til dømes i Himalayaregionen. På alle desse nivåa trengs det meir forsking på kva for modellar som fungerar best, og prosjektet tek sikte på å bidra til å kunne seie noko om det, seier Nordtveit.
Monsunen kjem seinare
Landsbyen ved Toplang klorar seg fast i ei bratt skråning. Øvst oppe har vegen rasa ut, men ein smal sti gjer det framleis farbart for gåande.
I landsbyen blir me servert dahl bath med kylling, den tradisjonelle retten med linser og ris som dei fleste nepalesarar et kvar dag. Sekretariatet for den lokalforvalta skogen møter opp til ein samtale med dei norske og nepalesiske forskarane.
– Folk er stort sett nøgde, men det blir små konfliktar innimellom. Rådet driv konfliktløysing og administrasjon av skogen. Og folk respekterer avgjerdene me tar, svarer leiaren i skogsbrukargruppa på spørsmål frå forskarane.
Sekretariatet har fått ei utfordring dei siste åra, med det dei meiner skuldast klimaendringar. Monsunen har vorte forsinka. Vanlegvis kjem den i mai/ juni, men no kjem den først i august. Det har ført til at vasskjeldene har gått tomme. Samstundes ser dei ser endring i blømingstida for visse artar. Rododendron byrjar å bløme tidlegare og blømer lengre. Syklusen er endra, dei ser også endringar i nyttevekstene dei dyrkar, som frukttre som ikkje set frukt.
Urbanisering
I to månader i haust sat juristen Liv Shelby på ei høgde i utkanten av Kathmandu og jobba med doktorgradsprosjektet sitt tilknytt HimaLines. Shelby undersøker det rettslege rammeverket for konservering av skogsressursar i Nepal.
– Regjeringa her har mange mål for biodiversitet og skogsbevaring. På same måte som Noreg har også Nepal ein lang tradisjon for nasjonalparkar, seier Liv Shelby.
Shelby undersøker såkalla ”legal transplant”, det vil seie å implementere ein rettskultur frå ein stad til ein annan. Det krev som oftast ei tilpassing til lokal skikk og sedvane. Slik får den nepalesiske retten sin eigenart, sjølv om den er inspirert av britisk rett og vestleg tankegang.
Nepal vore gjennom ei reformering i tildeling av jordbruksområde, men det er framleis eit komplekst system for bruksrett til land. Sjølv om Nepal fram til i dag har vore eit land med sterk populasjonsvekst, ligg mange jordstykke i provinsen brakk. Nokre landsbyar er nærast fråflytta.
– Før såg nepalesarane seg sjølve som bønder. Dette er i ferd med å endre seg, det er få unge menn att på landsbygda i Nepal, seier Shelby.
Nepal er eit land som eksporterer arbeidskraft. Ein reknar at to millionar nepalesarar til ei kvar tid arbeider i oljenæringa i Gulfstatane. Kring fem millionar nepalesarar arbeider i India.
På Tribhuvan International Airport står kvar dag lange rekker med unge menn i kø framom innsjekkingsskrankane. Lasta med ung arbeidskraft går fleire fly dagleg ut av landet.
Livet på landsbygda er enkelt, ofte utan straum og innlagt vatn. Ole Reidar Vetaas, førsteamanuensis i geografi ved UiB og ein veteran i nepalsamanheng, peiker på at eit gammaldags jordbruk og levesett fristar lite for dei unge som har fått smaken på eit meir moderne liv.
– Dei nepalesarane som har pengar til det, sender barna sine til kostskular i Kathmandu eller i utlandet. Desse ungane kjem sjeldan tilbake til landsbygda. Men fordi dei likevel har eit nostalgisk forhold til heimområdet sitt, er det mange som likevel ikkje sel den jorda dei eig. Dermed vert jordbruksland lagt brakk, seier Ole Reidar Vetaas.