Hjem
Aktuelt
OLJEBYEN BERGEN

Vindauget mot Barentshavet

Med auka interesse for nordområda følgjer større interesse for Svalbard som forskingsstad.

Master- og doktorgradsstudentar i arbeid på Ullaberget på nordsida av Van...
SCENER FRÅ ULLABERGET: Studentar frå Institutt for geovitskap ved UiB i arbeid på Ullaberget på nordsida av Van Keulenfjorden, sentralt på Spitsbergen. Lagene på bileta er frå nedre del av kritt-perioden og rundt 110-130 millionar år gamle.
Foto/ill.:
William Helland-Hansen

Universitetet i Bergen satser på klima og energiomstilling, og flere av våre forskere deltar på klimatoppmøtet COP21 i Paris i desember. Les mer om forskning og studier på klima ved UiB.

– Det er lett å svare på kva som gjer Svalbard så interessant for forsking, seier William Helland-Hansen, professor i geologi ved UiB.

– Svalbard er ein opplyfta del av Barentshavssokkelen. Geologien på Svalbard er mykje den same som ein finn i bergartslaga under havbotnen i Barentshavet. I havet kan ein berre studere geologien gjennom brønnar og seismikk, medan alt ligg ope og synleg på Svalbard. Det er lite vegetasjon, så alt er reint og fint, og vi får ei tredimensjonal oversikt som ein ikkje får andre stader. Verdiane i undergrunnen er så kolossale at litt betre forståing på land kan gje ein vanskeleg målbar, men likevel stor, verdiauke på sokkelen. Svalbard har også ein pedagogisk verdi som ikkje er lett å måle, seier Helland-Hansen.

Starta med kol

Det var kolet som i si tid sparka i gang den geologiske interessa for Svalbard. Det har vore kolgruvedrift på Svalbard i meir enn hundre år, og Longyearbyen og Barentsburg har dei einaste kolkraftverka i Noreg. Men etter kvart som trua på at det finst store mengder olje i Barentshavet har auka, er Svalbard blitt meir og meir interessant som eit utdannings- og forskingslaboratorium for oljegeologar. UiB har lenge drive både forsking og utdanning på Svalbard. Dei siste åra har det også vore forska på CO2-lagring.

– Vi studerer jorda sine historiske arkiv. Svalbard har ei synleg avsetjingshistorie, som starta for om lag 400 millionar år sidan, då øygruppa låg sør for ekvator. Heilt sidan den gongen har Svalbard drive nordover, gjennom alle klimasonene, og på vegen har det vore både ørken, delta og havbotn. Dei geologiske laga har fanga heile denne historia, seier Helland-Hansen.

 

Arktiske utfordringar

Regjeringa har signalisert at norsk nærvær i nordområda vil vere strategisk viktig i åra som kjem. Etter kvart som klimaendringar har gjort Arktis meir tilgjengeleg for transport og ressursutnytting, har fleire internasjonale aktørar retta blikket mot nord. UiB er godt posisjonert for å satse vidare på forsking i nordområda, meiner instituttleiar ved Institutt for geovitskap, Gunn Mangerud.

– Vi har lang røynsle når det gjeld forsking i polare strok, både på lands og til havs, og har trening med feltoperasjonar og logistikk i desse stroka. Det er viktig kunnskap når ein skal drive forsking i Arktis, fordi ein møter spesielle utfordringar i desse områda, fortel ho.

Kva er dei største kunnskapshola i Arktis?

– Det er store havområde, og vi har svært få brønnar å studere. Det finst enorme område vi ikkje veit noko om, og ein måte å auke kunnskapen på er å samle inn meir seismiske data.

Seismikk er ein måte å kartleggje den geologiske samansetninga av jordskorpa på, ved å sende ei trykkbølgje, til dømes frå ein luftkanon, ned i jorda eller havbotnen og måle signalet som kjem attende. Eit forskingsfelt er til dømes innhenting av seismiske data på is.

– Når ein skyt seismikk, er det viktig å reinske vekk støy frå dataa. I Arktis ligg det is store delar av året, og ei forskingsgruppe som mellom anna inkluderer min kollega professor Tor Arne Johansen gjer for tida forsøk med å skyte seismikk frå is. Det er komplisert, fordi ein får eit heilt anna bilete enn når ein skyt seismikk i ope hav. Det er vanskelegare å sortere ut det som er reelle data, og det trengst ei heilt ny metodeutvikling både når ein skal samla inn og prosessere desse, forklarar Mangerud.

 

Dei rette bergartane

I fleire tiår har universitet og oljeselskap sendt geologar til Svalbard for å lære. Men ikkje alle bergartane får like mykje merksemd. Skal ein ha von om å finne olje, må ein sjå etter tre typar bergartar: Ein såkalla kjeldebergart som er rik på organisk materiale som kan omdannast til olje, ein reservoarbergart som oljen siv opp og samlar seg i, og ein takbergart som held oljen på plass.

– Desse tre bergartane representerer ulike nivå i tid og rom, og dei bergartane som får mest merksemd på Svalbard, er dei som har same alder som interessante bergartar i Barentshavet, fortel Helland-Hansen.

Sara Sandvik er masterstudent i geovitskap på første året. I si masteroppgåve skal ho studere ein spesiell formasjon i fjellet eit stykke utanfor Longyearbyen. Formasjonen stammar frå tidleg i den geologiske perioden som blir kalla kritt, nær 150 millionar år tilbake.

– Eg har tilgang til nokre borekjernar frå same periode, som vart henta opp frå Barentshavet på slutten av 80-talet og no ligg i arkiva til Oljedirektoratet. Eg skal undersøke om dei kan samanliknast med formasjonen på Svalbard. Oljeleitinga har så langt konsentrert seg mest om avsetningar frå tidlegare periodar, så kritt-avsetningar har vore litt understudert. I det siste har vi byrja å sjå meir på dei, seier ho.

For Sandvik var det eit utvekslingssemester på Svalbard i løpet av bachelorgraden som tende gnisten. Mykje feltarbeid, nærleik til dei vitskapleg tilsette og praktisk opplæring er viktige fordelar ved å studere geofag på Svalbard. Til sommaren skal ho gjere feltarbeid og prøve å rekonstruere retninga på sedimenta i formasjonen for å finne ut korleis han kan ha blitt danna.

– Det ein kan sjå på Svalbard er eksepsjonelt samanlikna med andre stader i verda. Alt ligg oppe i dagen, ein treng ikkje grave. Men feltsesongen for sedimentologar er kort, ein frys på fingrane og det er vêret som styrer timeplanen.

 

Mellom forsking og vern

Forsking på Svalbard krev mykje logistikk. Det trengs båt eller helikopter for å kome seg rundt og tryggleiken til forskarane må ivaretakast. Kostnadane kan bli store. UiB samarbeider mellom anna med Universitetsstudiane på Svalbard (UNIS), og får også ofte finansiering frå petroleumsindustrien for å gjennomføre store forskingsprosjekt.

– Svalbard er eit læringslaboratorium, både for akademikarar og for oljeselskapa sine geologar, så dette er ein vinn-vinn-situasjon. Men det tyder ikkje at vår oppgåve er å gjere oljeselskapa sin jobb. Arbeidsdelinga er at forskinga vår blir brukt av oljeselskapa, medan vårt primære mål er grunnleggjande forsking. Vi geovitarar er ute etter å forstå jorda si utvikling, både i tid og i rom, seier Gunn Mangerud.

Fordi naturen på Svalbard er sårbar, kan det oppstå konfliktar mellom forsking og vern.

– Heldigvis er forskinga på Svalbard strengt regulert. Ein må søke om løyve, noko som må vere godt dokumentert og kan vere vanskeleg å få. Vi ynskjer jo å etterlate stadane slik vi fann dei, seier ho.

Denne artikkelen er frå Hubro 01/2013. Hubro er UiB sitt magasin for forsking og utdanning.