Hjem
Aktuelt
STUDENTMILJØ

Trivst i Bergen

Studentane trivst godt ved UiB, ifølgje ei stor undersøkjing av studenttrivsel.

Dei aller fleste studentar trivst, er hovudkonklusjonen i Studentenes helse-og trivselsundersøkelse som vart lagt fram denne veka. Over 6000 studentar frå sju studentsamskipnadar har svart på undersøkjinga, som skal kartleggja studentane sin helse-, trivsels- og psykososiale situasjon.

Studentane fortel at dei kjenner seg godt mottekne på studiestaden og finn seg til rette i studentmiljøet. Ifølgje undersøkjinga er dei aller fleste studentane nøgde med studiebyen sin. Kring 75 prosent av studentane ved UiB er nøgde med studentmiljøet i byen, uteliv og kulturliv. Kollektivtransport og bustadtilbod er det verre med, her er høvesvis 52 og 42 prosent nøgde.

- Godt studentmiljø

Studentane Ole Gunnar Krakhellen, Carmen Vie og Evy Ølberg seier dei trivst ved UiB. Krakhellen og Ølberg studerer integrert lektorutdanning med master i engelsk, Vie jus på femte året.

- Det er mange gode sosiale tilbod ved UiB, seier Carmen Vie.

- Og eit godt studentmiljø, legg Ole Gunnar Krakhellen til.

- Men ein må tidleg koma inn i eit sosialt miljø for å trivast, seier Evy Ølberg.

Fleire studentar opplyser at dei opplever meistring i studiekvardagen og finn meining i studielivet.

Får faddervener

Undersøkjinga syner at deltaking i fadderordninga legg grunnlaget for det sosiale læringsmiljøet, kjensle av å høyra til og om ein er nøgd med studentmiljøet. Delen av studentar som deltok fullt ut i fadderordninga er høgast ved UiB og NTNU.

Dei tre studentane kjenner seg att i at faddergruppene kan vera ein god inngangsport til å få nye vener på studiestaden.

- Eg har vel først og fremst fått vener gjennom det faglege, gjennom seminar og liknande, men det byrja jo med faddergruppene. Det er jo ein ganske uformell start, der ein får høve til å verta kjend med mange,  seier Vie.

Krakhellen vart også introdusert for studielivet gjennom faddergruppene.

- Men på lektorutdannninga er det små kull, det er fire i mi gruppe. Då vert ein nødvendigvis godt kjent, seier han.

Nære vennskap

Studentane knytter nære venskapsband i studietida, og det sosiale nettverket tyder mykje både for meistring og trivsel, seier undersøkjinga. Studentmiljøet ved Studentsamskipnaden i Telemark vert oppfatta som det aller beste, fulgt av studentmiljøet i Bergen. Om lag to tredjedelar av dei som har svart fortel at dei har oppretta nære vennskap på studiestaden.

- Det stemmer nok, eg har i alle fall fått ei handfull vener eg kan kalla nære, seier Vie.

Nøgd viserektor

Viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan, er glad for resultata undersøkjinga legg fram.

- Det er gledeleg at studentane trivst i Bergen, både i sjølve universitetsbyen og studiemessig. Dei er nøgde med det sosiale innhaldet og ikkje minst det faglege, seier Atakan til uib.no.

Viserektoren for utdanning trur ikkje ein kan peika på ein årsak til at trivselen er bra ved UiB.

- Det er nok svært samansett. Men UiB gjer det bra forskingsmessig, har vore rangert som det beste universitetet i Noreg nyleg, og har tydeleg fokus på forsking i utdanninga. Ikkje minst er det eit svært godt studiemiljø her, og mange studentar har eit nært forhold til universitetet.

Han ser på undersøkjinga som svært nyttig.

- Det er viktig å ha slike undersøkjingar med jamne mellomrom. Det gjev oss rettesnorer for kva tiltak me kan setja inn i framtida, avsluttar Atakan.