Hjem
Aktuelt
L. Meltzers Høyskolefond

Meltzervinnarane kåra

Lauritz Meltzers 150-årsdag vart feira med heider til tre forskarar på ulike felt.

Hovedinnhold

Tradisjonen tru vart Meltzermiddagen feira i går, kan hende med ekstra høgtid på Lauritz Meltzer sitt 150-årsjubileum. Ikkje minst vart Meltzer-prisane til yngre forskarar og ein framifrå formidlar delte ut.

Rektor Sigmund Grønmo fekk gleda av å gje vinnarane beskjed om prisane.

- For meg som rektor er det ei ære å dela ut desse prisane, til unge og lovande forskarar på den eine sida og ein framifrå og erfaren forskingsformidlar på den andre.

Entusiasme for matematikk

Matematikar Audun Holme fekk prisen for fremragende formidling.

- Eg fekk beskjed for eit par dagar sidan. Eg ante ingenting, det var mildt sagt ei hyggjeleg overrasking. Det er ei anerkjenning av det eg har drive med i mange år, og det er også ei anerkjenning til UiB, seier Audun Holme.

 Matematikaren har gjeve ut  bøker både på norske og internajonale forlag. 

Geometry, our cultural heritage vart publisert i 2002 og presenterer både klassisk og nyare geometri. I 2010 vart Geometry, our cultural heritage. Second Edition gjeve ut. Boka starter med geometriens røter i dei store elvesivilisasjonane og gresk kultur, og ender med moderne tema som fraktalgeometri og klassifikasjon av symmetristrukturar. I tillegg har han skrive Fra Babylon til mordet på Hypatia og Fra de arabiske vise til Niels Henrik Abel,  som utgjer den første omfattande matematikkhistoria på norsk. Da matematikken ble til er retta mot barn, og flettar saman historieformidling, forteljingar og interessante matematiske tema.

I tillegg har Holme skrive fleire avhandlingar og lærebøker for doktornivået, og har haldt ei rekkje førelesingar for eit breitt publikum.

Før Holme vart professor emeritus brukte han all fritida på å skriva bøker. Seinare har han gått over til å skriva på heiltid.

- Det er dette eg likar å driva med, seier han.  

- Kva er det som gjer matematikk til eit så spanande fag?

- Matematikk trenger langt inn i tankane si verd. Det er ikkje berre eit realfag, men ein åndsvitskap. Det er historia om tenkjinga og noko heilt tidlaust, seier prisvinnaren.

Han vil ikkje spekulera i kvifor han får pris for ”fremragende formidling”.

- Det er vanskeleg å seia. Men eg set stor pris på at folk viser entusiasme for det eg skriv om, og eg har sjølv eit stort engasjement. Eg har respekt for faget, og har aldri snakka ned om det, seier matematikaren.

Forskingsframtida

Kamilla Lein Kjølberg vart ikkje så lite overraska då ho fekk beskjed om at ho hadde vunne prisen for yngre forskarar.

- Når rektor ringer deg går det jo litt fort i hovudet. Det er ei stor ære, særlig med tanke på kor mange gode unge forskarar det finst på UiB, seier ho.

Lein Kjølberg leverte doktoravhandlinga si i haust. Prisen frå Meltzerfondet tyder mykje for planleggjinga av framtida.

- No er eg mellom jobbar, og har byrja å kika etter jobbar som ikkje innebar så mykje forsking. Men prisen er ein stor motivasjon for å fortsetja med det eg eg gjer, seier ho.

Doktoravhandlinga hennar tok for seg nanoteknologi  og er eit forsøk på å forstå nye tilnærmingar til regulering av vitskap og teknologi bidreg til ein mer ansvarlig utvikling av nanovitenskap og -teknologi.

”Kjølberg har spilt en sentral rolle i oppbyggingen av norsk forskning på etiske og samfunnsmessige aspekter på nanoteknologi (nanoELSA, nanoetikk) og blitt en internasjonalt anerkjent forskere i sitt felt”, står det i forslaget til innstilling av Kjølberg til prisen. Forslaget er signert sju personar frå tre fakultet.

- Prispengane på 100.000 kroner gjer at eg no kan seia ja til oppdrag og skriva artiklar som gjerne ikkje er løna, men viktige. Eg håpar at eg kan halda fram med å vera knytt til Senter for Vitskapsteori. Eg vil vera samfunnsvitar i eit laboratoriemiljø, dei er det ikkje så mange av, seier Lein Kjølberg.

Vil forska

Halvard Haukeland Fredriksen var også forbausa over ein telefon frå rektor.

- Det har vore ein stor hemmelighet å halda på i desse vekene. Det er ei stor anerkjenning å få denne prisen og eg vil bruka dette til noko positivt, seier juristen, som vedgår at han kjenner eit visst forventningspress.

Fredriksen er ph.d.-student på Det juridiske fakultet og analysert forholdet mellom EU/EØS-rett og nasjonal rett og utfordringer knyttet til Norges EØS-tilknytning via EFTA-institusjonenen.

”Fredriksen har vist en uvanlig evne til å identifisere, formulere og analysere problemstillinger som er dagsaktuelle og samtidig grunnleggende for rettsutviklingen på de aktuelle områder. Hans vitenskapelige produksjon innen EU/EØS-rett er omfattende, nyskapende og grensesprengende. Fredriksen er i forskningsfronten” heiter det i forslaget frå innstillarane.

Han ser også på prisen som ein heider til Det juridiske fakultet.

- Det er ikkje ofte me får slike prisar, og det er positivt at også me får ei slik anerkjenning.

Fredriksen vil svært gjerne fortsetja å forska når doktoravhandlinga er levert.

- Det er svært fristande når ein får ein slik pris. Jus er eit felt med skrikande behov for forsking. Me er svært konkurranseutsette, mange går ut i anna arbeid etter endt utdanning. Men for meg er det svært fristande å fortsetja å forska. Eg trur det juridiske miljøet ved UiB står i ei særstilling og ei styrke i at me har ei avstand til makta i Oslo. For meg er det tiltalande å forska fritt, seier prisvinnaren.

Les også Middag med Meltzer.