Hjem
Aktuelt
Realfag

Framtida på konferanse

Den videregåande skulen er full av framtidige UiB-studentar. Nordahl Grieg videregående skole har haldt Fremtidskonferansen med fokus på forsking og framtida.

Kontakten mellom UiB og den nye vidaregåande skulen har vore tett heilt sidan skulen opna i august i haust. Skulen har ei samarbeidsavtale med mellom andre UiB for at elevane skal få oppleva tett kontakt med forskningsmiljø og miljø der forsking vert sett ut i praksis. Skulen har eit særskilt fokus på matematikk, naturvitenskap og teknologi.

I ei veke har Fremtidskonferansen ved Nordahl Grieg videregående skole sett fokus på korleis teknologi og forsking kan endra framtida. Fleire ressurspersonar frå ulike felt har delteke på konferansen, fleire av dei frå UiB.

Rektor Lin Holvik forklarer at konferansen skal vera ein augeopnar for elevane.

- Målet med konferansen er å synleggjera realfaga og kva yrkesmuligheiter som finst. Elevane skal velja studieretning den første mars, og mange er ikkje sikre på kva dei skal velja. Ei slik fordjuping og eit møte med fagfolk speler ei viktig rolle i dette valet, seier ho til uib.no.

Rektoren er imponert over innsatsviljen UiB har vist, både i løpet av hausten og på konferansen.

- Realfag redder verda

Arve Aksnes arbeider på UiB, Nordahl Grieg VGS og VilVite-senteret. Den UiB-utdanna fysikaren er sikker på at konferansen kan rekruttera framtidige realistar.

- Margreta Tveisme fekk ideen til konferansen, som er inspirert av Vilje-con-valg, som fann ut at jenter er potensielle realfagskandidatar avdi dei ofte vil gjera verda til ein betre stad. Difor er det viktig å få dei til å oppdaga at realfaga er ein viktig nøkkel til å gjera verda til ein betre stad. Me vil synleggjera realfaga gjennom konferansen. Det er også viktig at elevane får treffa gode rollemodellar, og me har hatt ei rekkje forskarar på besøk med føredrag, seier han.

Aksnes trur det er fleire grunnar til at UiB ser nytta i å delta så tett i undervisinga på skulen.

- I dag vel 15 prosent av dagens ungdom realfag når dei søkjer seg til høgare utdanning. Kunnskapsdepartementet har rekna ut at ein treng 25 prosent i framtida. Då er det viktig å gjera det ein kan for å rekruttera. Her ved skulen har me sett som mål at 40 prosent av elevane skal velja realfag på VGII. I eit testvalg no nyleg sa 68 prosent at dei ville søkja realfag, så me lukkast med satsinga.

Konkrete svar

Eleven Olve Selboskar Ølmheim seier det har vore ein lærerik konferanse. Han har arbeidd i ei gruppe som har sett på situasjonen i Egypt, dei har intervjua Frank Aarebrot og laga ein presentasjon.

- At folk frå universitetet deltek her er veldig bra, me får eit godt innblikk i kva muligheiter me har for å bruka det me lærer, seier Olve.

Sjølv vil han gjerne ta ei samfunnsfagleg utdanning og studera siviløkonomi etter vidaregåande.

Camilla Tran og Cathrine Thorsnes har sett seg ut ein realfagleg utdanningsveg. Saman med Ada Strand og Eidi Hellund har dei nett haldt ei lita førelesing om nano-teknologi.

- Eg tykkjer realfag er meir interessant enn dei samfunnsvitskaplege. Eg likar fag som kan gje meg konkrete svar på kvifor noko er slik det er, seier Camilla.

Cathrine er samd.

- Eg likar at fag som matte og fysikk gir oss bestemte arbeidsmetodar, det er faste formlar og reglar, seier ho.

Eit heilskapleg utdanningsløp

Dekan ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Dag Rune Olsen, haldt føredrag om fysikk og teknologi i medisin. Han fortel at han møtte entusiastiske elevar og trur samspelet mellom universitet og vidaregåande skule kan rekruttera studentar til realfaga..

- Dette kan bidra til å bryta ned barrierane mellom den vidaregåande skulen og universitet og skapa eit meir heilskapleg utdanningsløp. Slike møte gjer oss høvet til å gi eit lite innblikk i den spennande forskinga med driv med. Det er viktig for elevane å sjå at den kunnskapen dei tileignar seg kan setjast ut i praksis. UiB har eit ansvar for å vera synlege i samfunnet, og det å delta på denne måten er ein del av dette.

Olsen trur andre skular kan ha liknande samarbeid som Nordahl Grieg VGS har hatt med UiB.

- Eg trur vi kan ha ulike typar samarbeid, og meiner at somme vidaregåande skular kan ha forskingslinjer der dei får ein forsmak på forskingsarbeid. Det skaper lyst og vilje til å forska. Me må rekruttera på brei basis, og eg trur me er i startgropa på noko bra her, avslutter dekanen.