Samlar verda på UiB
Normar, verdiar, språk og kultur er temaet for Bergen Summer Research School 2011, den internasjonale og tverrfaglege forskarskulen som samlar deltakarar frå heile verda. Søknadsfristen for å delta nærmar seg.
Hovedinnhold
Det er det tverrfaglege og fleirkulturelle møtet som er nokre av hovudårsakene til at Phd-kandidatar bør søkja på deltaking i Bergen Summer Research School, meiner leiar Kjersti Fløttum.
- Men den høge faglege kvaliteten på dei kursa vi tilbyd, er det aller viktigaste. Og deltakarane får nye perspektiv frå det tverrfaglege som dei kan ta med seg inn i sine eigne meir disiplinære fagfelt, legg Fløtttum til.
Sommarskulen vart etablert som eit fireårig prosjekt, kvart år med fokus på store globale utfordringar. Dei siste tre utgåvene av forskarskulen har fokusert på høvesvis global fattigdom, klima, miljø og energi og global helse. I slutten av juni vert emna normar, verdiar, språk og kultur tekne opp.
Akademisk møtestad
- Ein får ei større forståing av dei store utfordringane verda står ovafor ved ei tverrfagleg tilnærming. Ikkje minst er BSRS ein viktig møtestad mellom akademikarar frå rike og mindre rike nasjonar, frå Nord og Sør og frå ulike kulturar, seier Fløttum.
Årets sommarskule vil ha fem forskjellige kurs, med ei mengd kompetente kurshaldarar frå fleire fakultet ved UiB og partnarinstitusjonane i Bergen (NHH, CMI, HiB og Uni Research).
- Det er mange med, det vert ein stor dugnad med entusiastiske lærarar og administrativt personale. Studentane går på kvar sine kurs, men alle skal møtast til samtale og diskusjon i overbyggjande plenarførelesningar og workshops. Ein må verta kjende med kvarandre og få prøvd ut sine synspunkt, meiner Fløttum.
Ikkje siste året
Opprinneleg var BSRS planlagt for fire år. Det ser derimot ikkje ut til at 2011 vert siste sesong med sommarskule.
- Leiinga har sagt at dei vil vidareføra sommarskulen. Kva og korleis må ein koma fram til, seier Fløttum.
Fløttum var viserektor då BSRS vart skipa, og legg ikkje skjul på at forskarskulen er særs viktig for henne.
- Dette er mitt hjartebarn, men det er heller ikkje hemmeleg at eg har sagt at eg går av etter fire år. No synst eg det er viktig at nokon andre kan vidareføra dette. For meg personleg er det vert det litt vemodig å slutta som leiar etter forskarskulen kommande sommar, men eg kan kanskje bidra på andre måtar i framtida, seier ho.
I år er ho også sjølv med som lærar på eit av kursa.
Set Bergen på kartet
Den avtroppande leiaren trur dei tre tidlegare sommarskulane har tydd mykje for å utvikla eit syn på at ein tverrfagleg tilnærming kan vera eit verkemiddel for å møta store komplekse og globale utfordringar. Ho merkar at dette har vekka internasjonal merksemd.
- Sommarskulen byrjar å verta kjend. UiB og våre samarbeidspartnarar har lukkast i å profilera Bergen som ein internasjonal forskingsby.
BSRS har også gjort inntrykk på Fløttum personleg.
- Eg har alltid vore interessert i det tverrfaglege perspektivet, men no har eg verkeleg fått trua på at å arbeida tverrfagleg opnar opp nye muligheiter for forsking og utdanning.
Fristen for å søkja om deltaking på Bergen Summer Research School er 1. mars. Søknadsskjema finn du her.