Hjem
Aktuelt
MUSIKK

UiB-Sirener tok gull

Studinekoret Sirenene er norgesmeisterar i kor.

Studinekoret Sirenene er norgesmeistrar.
Studinekoret Sirenene er norgesmeistrar.
Foto/ill.:
Norges Korforbund

Hovedinnhold

Koret vann Grand Prix-finalen i NM for kor framfor dei åtte andre finalistane.

– Dette var fullstendig overveldande og uventa, men veldig, veldig gøy. No har vi vunne 50 000 kroner, og skal vera med i ein konkurranse i Luxembourg neste år, seier Henriette Pisani Sundhagen til Bergensavisen.

Sirenene var eitt av berre to studentkor som deltok. Mellom konkurrentane var fleire profesjonelle kor som er rekna som dei beste i Norden, i følgje Studvest.

Koret tok også førstepremien i rytmisk-klassen, og andrepremien i den kompetitive like stemmer-kategorien.

Du kan sjå heile finalen på Norges Korforbund sine nettsider.