Hjem
Aktuelt
IKT-forsking

UiB best på informatikk

Institutt for informatikk ved UiB er best i landet, og er på visse område internasjonalt leiande, meiner ein internasjonal ekspertkomité.

Hovedinnhold

– Me har ein fantastisk stab med dyktige folk som er motiverte for å bruka evnene sine. Dette er ei velfortent tilbakemelding til medarbeidarane her, seier Petter Bjørstad, leiar for Institutt for informatikk.

Ei internasjonal ekspertgruppe har på vegne av Noregs Forskingsråd evaluert den norske IKT-forskinga. Ekspertgruppa konkluderer med at Institutt for informatikk ved UiB er best i landet. To av forskningsgruppene, Algoritmer og Sikker og pålitelig kommunikasjon, får toppkarakteren 5.  Visualiseringsgruppa får karakteren 4 – 5. Snittet for dei fem evaluerte gruppene er på 4,4. Ingen andre informatikkinstitutt i landet har et så høgt snitt eller så mange grupper med toppkarakterer.

Banebrytande Bergen

Fagkomitéen skildrar instituttet som ”very good to excellent”, og meiner at fleire grupper har markert seg internasjonalt og driv med banebrytande forsking.

Les evalueringa her.

Evalueringa vart sist gjennomført for ti år sidan, før Visualiseringsgruppa var etablert.

– Gruppa har sett Bergen på kartet når det gjeld visualisering. Det er med andre ord bygd opp ei gruppe heilt frå 0 til internasjonalt anerkjent på kort tid, seier ein stolt instituttleiar.

Internasjonalt miljø

Han meiner det er fleire forklaringar på kva som gjer instituttet gode.  Ein har ein systematisk politikk for å rekruttera, og er opptekne av å rekruttera breitt og internasjonalt. Meir enn halvparten av staben er fødd utafor Noreg. 

– Skal me vera internasjonalt anerkjente må me også byggja eit internasjonalt miljø. Me set stor pris på det mangfaldet me har her, seier Bjørstad.

Studentar nøkkelen til suksess

Evalueringa påpeiker somme område instuttet har potensiale til å forbetra seg, til fømes når det gjeld internkommunikasjon og kommunikajson med andre forskingsmiljø. Bjørstad fortel at ein skal gå gjennom evalueringa og følgja opp den konstruktive kritikken. 

Han er sikker på at forskingsmiljøet kan verta endå betre. Nøkkelen ligg i å rekuttera dei beste og dyktigaste studentane.

- Gode studentar stimulerer til god forsking. Mange trur at om ein er oppteken av matematikk eller vil studera informatikk er det NTNU som er staden å gå. Evalueringa viser at det er UiB som er staden ein bør studera om ein er interessert i algoritmer eller visualisering.