Hjem
Aktuelt
Ny kontrakt

Millionar til jordskjelvforsking

Universitetet i Bergen (UiB) har nyleg signert ein kontrakt med Oljeindustriens Landsforbund (OLF). Kontrakten kan vera verd over 60 millionar kroner.

UiB og OLF fornyar samarbeidet.
UiB og OLF fornyar samarbeidet.
Foto/ill.:
Colourbox

Kontrakten mellom UiB og OLF handlar om drifta av Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk (NNSN), som Institutt for Geovitskap ved UiB har hovudansvaret for å driva. Kontrakten tar til i januar 2013, med ein årleg kontraktsum på 6,2 millionar kroner. Kontrakstida er fem år, med fem års forlenging, noko som dermed kan innebera 62 millionar kroner til saman. 

NNSN samlar inn data frå 33 seismiske stasjonar i Noreg, og kan finna og lokalisera jordskjelv. Informasjonen vert mellom anna brukt i vitskaplege studier for betre å forstå fordeling og årsaker til seismisitet.

- Unik kontrakt

Kuvvet Atakan er professor ved instituttet, i tillegg til å vera viserektor for utdanning ved UiB. Han meiner kontrakten er unik, sidan OLF sjeldan inngår langtidskontraktar.

– Me set stor pris på eit slikt samarbeid med industrien. NNSN kunne ikkje ha jobba i det omfanget me gjer i dag, på landsdekkjande plan, utan ein slik kontrakt, seier Atakan til uib.no.

Kontrakten mellom UiB og OLF er ei vidareføring av ein inneverande kontrakt. Den nye avtalen inneber ei auking av rammene. Tidlegare har kontrakten dekka driftsutgiftene.

– Dei nye rammene gjer at vi kan oppretta to nye stillingar, som skal arbeida med dei dataane vi samlar inn.

Gjennom samarbeidet får OLF mellom anna seismiske risikovurderingar, som ein treng for alle byggjeprosjekt, oljeboring, installasjonar på havbotnen og liknande. 

Markerer seg internasjonalt

– Eit sterkt og modernisert forskingsnettverk i Noreg er viktig også i eit internasjonalt perspektiv, meiner Atakan.

NNSN skal med sine tretti seimiske stasjonar verta del av the European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI), som er ein del av det større European Plate Observing System (EPOS).

– Landa som deltek skal samarbeida, noko som kan skapa ein meir heilskapleg forsking innan den europeiske geovitskapen. Noreg vert eitt av få land som kan visa til eit så sterkt samarbeide med industrien, seier Atakan.

Fornyinga av kontrakten vert markert med eit seminar på Institutt for geovitskap onsdag 6. juni. Seminaret samlar personar som vil fortelja om jordskjelvforsking i fortid, notid og framtid.