Hjem
Aktuelt

Hubro i ny drakt

Ferskt frå trykkeriet er det første Hubro i 2011 ute i dag. Les om vaksineskandale, UiB sine flytteplanar på sekstitallet, og fruktene av kameratskapet mellom Fridtjof Nansen og Bjørn Helland-Hansen.

Hovedinnhold

Forskningsmagasinet frå Universitetet i Bergen har vore gjennom ein fasaderenovering, og hoppa difor over eit nummer i 2010. I dag er det første i ny drakt ute frå trykkeriet.

Hubro vil framleis halde fram med eit tema me vier ekstra merksemd frå nummer til nummer. I tillegg er det nye spalter, som UiB i verda, Forskaren skriv og Postkort frå felten.  I desse dagar skapast universitetshistorie i Noreg, sist i Bodø, med opprettinga av det åttande norske universitetet. Universitetet i Bergen har ei 65 år lang historie. I europeisk samanheng ei kort historie, men det er det andt eldste i landet.  Samstundes har Bergen med Bergen museum ei forskingshistorie som går langt tilbake.

I dag er Bergen eit av landets få byuniversitet. På 60-talet vart planane lagt for å flytte på campus på Storetveitmarkene ved Fantoft. Rektor Ludvig Holm-Olsen var inspirert av Oslo og Blindern, og ivra for ei utflytting. Men ein heftig debatt braut ut i kollegiet, resultatet ser ein på Høyden i dag.

I sørenden av Nygårshøyden, på Florida, ligg Geofysisk institutt. Bygget er av mange sett på som ein milepæl i Bergen Museums kantete veg mot å bli Universitetet i Bergen. Mannen som tok initiativet til å få reist bygget, var Bjørn Helland-Hansen. Men Helland-Hansen ville eigentleg til Oslo, etter jobbtilbod frå Fridtjof Nansen. Heldigvis for Bergen, sette eit stortingsvedtak i 1910 ein stoppar for ein slik hjerneflukt.

I staden gjekk Helland-Hansen og Fridtjof Nansen saman om å hente Vilhelm Bjerknes til Bergen. Les meir om denne historia: Stjal Hansen frå Nansen

Gunnar Ellingsen, stipendiat ved Prosjekt vitskapshistorie, forskar på forholdet mellom teknologi og vitskap. I oseanografihistoria er teknologen og vitskapsmannen tett vevd saman. Les meir her!