Hjem
Aktuelt
Nytt på nett

Ny framside

Universitetet i Bergen får ein ny forsideprofil på nettet. Målet er å verta endå meir tilgjengeleg.

Hovedinnhold

Arbeidet med den nye framsida på uib.no har pågått i eitt år. Den gamle framsida har vore meir eller uendra sidan lanseringa av ny eksternweb i 2009, men no er det på tide med ei utskifting, både visuelt og innhaldsmessig.

- Dette er eit arbeid som vart starta på initiativ frå universitetsleiinga, og er basert på erfaringar og innspel frå brukarane. Målet er å gjera UiB sine nettsider endå betre, med særleg vekt på å gjera dei meir tilgjengelege. Det gjeld til dømes kjerneområda våre forsking, utdanning og samfunnskontakt, men brukarane av uib.no skal også verta kjende med universitetet som ein heilskap, seier Ingar Myking, kommunikasjonsdirektør ved UiB.

Gjer kjerneverdiane synlege

Kuvvet Atakan, viserektor for utdanning, leier styringsgruppa som arbeider med webprosjektet. Han trur den nye løysinga vil løfta fram kjerneverdiar som forsking, utdanninga og internasjonalisering.

- Målet er at vår verksemd ved UiB skal verta meir synleg utanfrå. Når nokon søkjer informasjon skal det vera lett tilgjengeleg. Eg trur den nye framsida vil løfta fram det som tidlegare har vore meir gøymt på nettsidene våre, seier Atakan.

Fem av seks stjerner

I haust fekk UiB sine nettsider fem av seks stjerner i Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) sin test av kvalitet på nettet.

Kuvvet Atakan understreker at arbeidet med webprosjektet ikkje tyder ei radikal omvelting, men eit kontinuerleg arbeid med forbetring.

- Me byggjer på det me har og løfter det fram. Det er ikkje eit brot, men ei dynamisk tilnærming til nettsidene, der me stadig vurderer nye løysingar og tilnærmingar, seier han.

Skal spegla breidda

UiB.no sine brukarar vil møta ei meir oversiktleg framside, vonar Ingar Myking.

På toppen av sida finn ein lenkjer til ulike tema som skal visa vegen inn til UiB, til dømes studietilbod, forskarutdanning, sider om sjølve organisasjonen og UiB og samfunnet.

- Framsida skal verta ei hovudmottaksside som skal spegla heile breidda til universitetet, og visa vegen vidare til ressurssider. Det skal vera lettare å koma i kontakt med og verta kjend med heile universitetsstrukturen, seier kommunikasjonsdirektøren.

Nettet endrar vanar

Nettet speler ei stadig viktigare rolle i korleis publikum møter UiB.

- Når folk søkjer informasjon er det nettet ein nyttar, og det er på nettsidene våre mange får sitt første møte med UiB. Nettet har på kort tid vorte heilt sentralt i korleis ein søkjer og organiserer informasjon, meiner Myking.

Atakan ser på nettsidene som ein av UiB sine viktigaste kanalar.

- Me har mange kanalar for kommunikasjon, men websidene er den einaste staden der informasjon ligg samla, og ein kan finna den informasjonen ein treng. UiB skal ha gode og informative nettsider, avsluttar han.