Hjem
Aktuelt
ERC ADVANCED GRANT

Forskar på forskjells-Europa

Sosialantropologen Bruce Kapferer får eit av dei mest ettertrakta forskarstipenda i Europa, og skal mellom anna forska på forskjellar og likskapar skapt av den økonomiske krisa.

Bruce Kapferer skal forska på likskap og ulikskap i Europa og resten av verda.
Bruce Kapferer skal forska på likskap og ulikskap i Europa og resten av verda.
Foto/ill.:
Colourbox.com

- Prosjektet skal gå inn i korleis forskjellar og likskapar skapar grunnleggjande linjer i samfunnet, korleis ulikskapar vert skapte. Det er eit djupt politisk prosjekt og er svært aktuelt, i Europa i dag vert det eit stadig større gap mellom stor fattigdom og rikdom, seier Edvard Hviding, professor og nyleg avgått instituttleiar ved Institutt for Sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

No er det klart at Bruce Kapferer sin søknad til prosjektet er innvilga, og at forhandlingar står på trappene.

Likskap og ulikskap

Prosjektet, Egalitarianism: Forms, Processes, Comparisons, skal sjå nærare på egalitære strukturar, prosessar og verdiar. Ein skal tilnærma seg stoffet gjennom analyse av tekstleg materiale, samt feltarbeid i stuasjonar der kriser i likskap og ulikskap kjem til syne i Europa og andre stader.  Med base ved Insitutt for Sosialantropologi skal eit stort internasjonalt nettverk av forskarar i fleire samfunnsvitskaplege fag utføra feltarbeid med eit globalt samanliknande perspektiv.

ERC Advanced Grants er kanskje noko av det mest prestisjefylte ein kan oppnå som forskar i Europa, og skal støtta leiande etablerte forskarar i verdsklasse. Søknader til Advanced Grants skal ha ei imponerande '10 year track record' og ein veldokumentert leiarskapsprofil. Frå før har seks forskingsprosjekt ved UiB fått Advanced Grants.

Første ERC til SV

Dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Knut Helland, kan konstatera at fakultetet får sitt første ERC Grant. Tidlegare har fleire prosjekt nesten nådd opp.

- Tildelinga viser at vi hevdar oss som eit internasjonalt forskingsuniversitet. Det tyder mykje for både fakultet og instituttet at ein av våre svært dyktige forskarar får gjennomslag og kan byggja eit fagmiljø rundt seg. Evalueringane av prosjektet har skildra det som grensesprengjande, seier dekanen.

ERC Advanced Grants støttar prosjekt i fem år, og løyver opp til 2,5 millionar euro eller kring 20 millionar kroner i perioden.

Valde UiB

Bruce Kapferer er rekna som ein av dei mest prominente sosialantropologane i verda, og har vore ved Universitetet i Bergen sidan 1999. Han har mellom anna forska på etnisk identitet, nasjonalisme og vold. 

- Han er ein svært fascinerande forskar, som ser ting andre ikkje ser, seier Helland om Kapferer.

- Kapferer er ein av nestorane i faget vårt. Han valde UiB på grunn av det internasjonalt retta instituttet, og hadde med seg store idear og eit usedvanleg stort globalt forskernettverk. Det er ei stor glede for instituttet å vere vertskap for, og aktiv deltakar i Kapferers nye ERC-prosjekt, seier Hviding.