Hjem
Aktuelt
News

Studentar over landegrenser

Studentar frå Nepal har tilbrakt eit halvår ved UiB, og fått møte ein internasjonal universitetskultur.

Hovedinnhold

Shreeju Shrestha, Shilshila Acharya og Pratikshya Kandel frå Nepal har studert eit halvt år ved UiB. Opphaldet har ikkje berre vore eit møte med norsk kultur, men med ein internasjonal universitetskultur.

Dei er tre av tolv nepalesiske studentar som har teke mastergrad gjennom NOMA-programmet i biologi (Biodiversity and environmental management) på UiB det siste halve året.

Det var ei avisannonse for NOMA, Norads program for masterstudier, som fekk dei til å søkja. I tillegg høyrte dei gode ting om programmet frå medstudentar som hadde vore i Bergen tidlegare og teke kurset.

- Me fekk høyra at det var ei fantastisk oppleving, og eit veldig godt kurs, seier Shilshila.

Guru for norsk kultur

Før avreise fekk dei ti studentane ei oversikt over kva dei burde vita og kva dei kom til å trenga i Noreg av landsmannen Krishna Babu Shrestha, ph.d-kandidat ved Institutt for biologi. I tillegg til varme klede og støvlar råda han dei til å ta med ein trykk-kokar.

- Det er omtrent det einaste ein ikkje får tak i her i Noreg, smiler Shrestha, som har budd i Noreg i snart sju år.

Shrestha og familien hans fungerte nærast som ein guru og veiledar inn i norsk kultur, seier Shreeju, Shilshila og Pratikshya.

- Han møtte oss på flyplassen då me kom, og har lært oss kvar einaste vesle ting me trengte å vita om Noreg, seier Shilshila.

- Kona og familien hans har nærmast vorten vår familie, dei har tatt seg svært godt av oss, legg Shreeju til.

Møtte fagekspertar

Sjølv om møtet med Noreg og norske og internasjonale studentar har gjort inntrykk, er det dei akademiske kunnskapane studentane tek med seg heim att til Nepal som sit sterkast att. NOMA-studentane følgjer dei same førelesningane som alle andre. Jentene uib.no snakkar med er imponerte over utdanningssystemet ved UiB og kor godt organisert det har vore.

- Det har vore flott for oss å møta ekspertane på feltet, og NOMA-programmet har fulgt oss godt opp, seier Shreeju.

- I Nepal har me ikkje det same fokuset på å lesa artiklar med eit kritisk blikk som her ved UiB. Det har vore svært interessant å læra meir om det. Mange av forskarane og dei som underviser kjenner godt til tilhøva i Nepal, og har dermed visst kva me burde fokusera på og kan rettleia oss utfrå det, seier Pratikshya.

Studentane peiker også på at kurs i etikk og statistikk har gjeve dei nye kunnskapar, i tillegg til bruk av programvare.

- Det har vore inspirerande å møta menneske med stor kunnskap og vera i dialog med medstudentar. Det er heilt klart at me har lært mykje me som me ikkje ville lært om me berre studerte i Nepal, seier Shilshila.

Får gode karakterar

Inger Elisabeth Måren er postdoc i planteøkologi på Uni Bjerknessenteret og har vore involvert i NOMA-programmet. Ho fortel om eit program med suksess.

- Studentane får ein tyngre teoretisk bakgrunn som dei kanskje ikkje ville fått i heimlanda sine. Dei følgjer dei same kursa som alle andre studentar, og ser ut til å klara seg bra. Dei som gjekk her i fjor fekk berre a-ar og b-ar, seier ho. 

Det er ikkje lenge til studentane reiser heim att til Nepal. Dei siste dagane skal dei tre studentane bruka på å seia adjø til nye vener, frå mellom anna Tyskland, Spania og Noreg.

- UiB er eit universitet som er svært internasjonalt. Opphaldet her har fått meg til å tenkja på nytt over kor like menneske er, men eg har også sett skilnadane. Til dømes er nepalesarar svært glade i å snakka, men nordmenn er flinke til å lytta, ler Shilshila.

Internasjonal veke

Internasjonal erfaring er gull verd, og mandag opnar UiB si internasjonale veke 2011.

- Veka er i første rekke kome på initiativ frå studentane. Meininga er at ein skal gje god informasjon og inspirasjon til studentane om å bruka dei mange høva dei har for få erfaring frå andre land og universitet, seier viserektor for internasjonale relasjonar, Astri Andresen til uib.no.

Ho held innlegg ved opninga på mandag, i tillegg til Christian Bode. Han har utgitt fleire publikasjonar om høgare utdanningspolitikk med fokus på internasjonalisering.

Veka som skal vekka reiselysten i UiB-studentar har fleire arrangement på fakulteta og eit innhaldsrikt program.