Hjem
Aktuelt
Christiekonferansen 2012

Viser fram energiforsking

Christiekonferansen viser fram den beste og viktigaste forskinga ved UiB. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet satsar på energi.

Visedekan Helge K. Dahle vil visa fram MatNat si forsking på fornybar energi...
Visedekan Helge K. Dahle vil visa fram MatNat si forsking på fornybar energi på Christiekonferansen. Her prøver han ein installasjon på VilVitesenteret.
Foto:
Jens Helleland Ådnanes

Innhold

– På Christiekonferansen får me sjansen til å nå utafor UiB sine vegger med det me held på med. Det er eit godt og breitt program, både i år og i fjor, programkomitéen har gjort ein god jobb, seier Helge K. Dahle, visedekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. 

I tillegg til programmet  på Christiekonferansen 2012 kjem fakulteta ved UiB til å presentera det dei tykkjer er det beste og viktigaste dei har å by på. For Det matematisk-naturvitskaplege fakultet inneber det å visa fram si store faglege breidde innan energiforsking og utdanning. 

Mastergrad i energi

– Me har markert oss sterkt innan petroleumsforsking, men har kan hende vore mindre synlege på andre energiområde, til dømes den fornybare, seier Dahle.

Han fortel at fakultetet er involvert i to Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), SUCCESS  retta mot  CO2-lagring og NORCOWE innan havvind. I tillegg forskar ein mellom anna på geotermisk energi, brenselsceller, solcelle-energi og bio-drivstoff. Satsinga er vedteken i fakultetet sin strategi, og det er oppretta ein mastergrad i fornybar energi med oppstart kommande semester. 

I energi-smørauget

– Det er viktig å synleggjera aktivitetane våre, og kunne vidareutvikla oss. Me vil visa at me satsar på dette. Her i Bergen sit me midt i smørauget når det gjeld fornybar energi, eller snarare midt i vassausa,  seier Dahle.

Synleggjering av forsking er viktig både i kampen om forksingsmidlar og i rekrutteringa av studentar og forskarar, meiner han.

– Me har god og relevant forsking, det må me visa fram, seier han.

Vitskap i vrimlearealet

På  Det matematisk-naturvitskaplege fakultet siutstilling i vrimlearealet på Christiekonferansen skal ein presentera havvind, geotermi, havstraumar, tidevatnsenergi og energiteknologi. Representantar frå fakultetet kan svara på spørsmål. I tillegg får publikum bruka ein modell av eit hus og finna ut korleis ein skal nytta energien på best måte. 

– Christiekonferansen vil gi oss eit høve til å visa fram ei samla og tverrfagleg satsing  på energiforsking og utdanning, og at dette er noko me vil noko med, seier Dahle.