Ny vår for Grieg
Forsking på Edvard Grieg og vestnorsk musikk fekk onsdag sitt eige senter.
Hovedinnhold
- Dette er ei så stor glede på ein så stor dag at eg nesten ikkje har ord, sa biblioteksjef Trine Kolderup Flaten då ho opna Senter for Grieg-forskning i Bergen Offentlige Bibliotek.
Senteret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Edvard Grieg Museum Troldhaugen og Bergen Kommune. Bergen Offentlige Bibliotek skal husa senteret. Kavli-fondet har gjeve pengestøtte.
Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, fokuserte på det gode samarbeidet i si helsingstale til det nye senteret. Grønmo uttrykte store forventningar til det nye forskingssenteret, som han skildra som eit nasjonalt senter med internasjonalt perpektiv.
- Dette vert eit senter for musikkmiljøa, forskarar, studentar og publikum. Lista vert lagt høgt, og eg er sikker på at det er klokt. Det skal vera kvalitet og spenstigheit over det som kjem frå dette senteret i framtida, sa han i si tale.
Senteret skal styrka kompetansen på Edvard Grieg og hans verk spesielt, men også til andre vestnorske komponistar. I tillegg skal ein gjera Grieg og hans kunst betre kjent internasjonalt.
UiB skal bidra med to til tre doktorgradsstipendiatar, medan Bergen kommune dekkjer ei full professorstilling frå 2012 til 2016. I tillegg skal Kavlifondet finansiera to professor II-stillingar i tre år. Edvard Grieg Museum Troldhaugen og Griegakademiet ved UiB vert viktige samarbeidsparnerar.
Byråd Harald Victor Hove var ein av fleire gratulantar. Han rosa også det gode samarbeidet.
- Her har gode krefter funne kvarandre og fått ting til; akademia, kommune, bibliotek og sponsorar, sa byråden for kultur, kyrkje, idrett og eigarskap.