Lanserer klimamagasin
Bjerknessenteret ved UiB har lansert det nye magasinet 2°C. Målet er å korta ned avstanda mellom forsking og handling.
Hovedinnhold
Den første utgåva av 2°C legg vekt på endringane som skjer i Arktis. Bjerknessenteret leverer det faglege innhaldet, medan Norsk Klimastiftelse er utgjevar av magasinet, som er planlagt som ein årleg publikasjon på både norsk og engelsk og på nett.
– Magasinet skal vera ei årleg oppdatering av den siste klimaforskinga og det som skjer med klimaet. Me vil at det skal vera formidla i ei form som er lett tilgjengeleg, men med fagleg tyngde, seier Eystein Jansen, leiar for Bjerknessenteret.
Rekordvarmt år
Målgruppa er opinionsleiarar i det norske samfunnet, politikarar, næringslivsleiarar, fagrørsla, akademikarar og studentar, aktivistar i miljørørsla, journalistar og andre informasjonsformidlarar, kan ein lesa på 2°C sine nettsider.
Utgåva av 2°C viser at på mange vis er 2012 eit rekordår, mellom dei varmaste som nokon gong er observert. Dette viser seg i ei katastrofal tørke i USA og rekordlite snæ og sjøis på den nordlege halvkula. På Grønland har forskarar for første gang opplevd å gå ut i slaps på område som ikkje har vore utsatt for sommarsmelting tidlegare, og målestasjoner står på skakke på grunn av at isen synker.
Alle artiklane er publiserte på tograder.no.
Siste dag som SFF
Fredag er den siste dagen Bjerknes har offisiell status som Senter for framifrå forsking (SFF). Dagen vert markert med ei oppsummering av dei siste ti åra. Å oppsummera ti år med forsking på tre timar er ikkje så lett.
– Me vil bruka ei enkel og lettfatteleg formidling som kan passa på ein fredag. Me publiserer meir enn hundre artiklar i året, så me må by på smakebitar frå forskinga vår, seier Jansen.
Arrangementet er i Egget på Studentsenteret, fredag klokka 12.30 til 15.30.
Utgangspunktet for Bjerknessenteret sin start for ti år sidan vert teke opp, og sentrale forskarar frå senteret kjem til å gi populærfremstilling av det senteret har utført for eit breitt publikum.
Dagen er ein viktig dag for Bjerknessenteret, seier Jansen.
– Det er litt vemodig, men det har vore ei flott reise. Samtidig er det ein milepel, senteret fortset vidare, seier han.