Hjem
Aktuelt
Fagkritisk dag

Fagkritikk skapar utvikling

Fagkritisk dag er ein akademisk tradisjon ved Universitetet i Bergen der studentane ser med eit kritisk auge på sitt eige fag.

- Vi bør ha høve til å sjå på vårt eige fag med kritiske augo, det skulle berre mangla. Vi må vera dynamiske og utvikla oss, elles hamnar vi heilt i bakleksa. Utviklinga i både fagfeltet og sjølve faget vårt går utruleg raskt, seier Stig Andreassen.

Han er leiar for fagutvalet på Digital kultur ved UiB. Faget ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier er berre eitt av fleire som arrangerer fagkritisk dag ved universitetet. Fagkritisk dag er ein årleg akademisk tradisjon ved Universitetet i Bergen, der ein altså retter eit kritisk blikk mot sitt eige fagfelt.

Skapar motivasjon

Andreassen ser på den fagkritiske dagen som eit høve til å skapa utvikling i faget sitt.  Det å merka at stemma eins vert høyrt er motiverande. 

- Ein får lyst å fortsetja på studiet når ein skjønar at ein har påverkingskraft.

Ved Digital kultur skal Torgeir Waterhouse halda gjesteførelesing på fagkritisk dag.  Waterhouse er direktør for IKT-Norge, og har mellom anna ei fortid i Forbrukarrådet. Gjesteførelesinga hans vil ta for seg dei etiske problemstillingane skapt av den teknologiske utviklinga.

Andreassen er meir enn nøgd med at gjesteførelesaren stiller opp.

- Vi sendte ein epost til han, og fekk raskt svar om at han gjerne ville koma. Det var heilt uventa.

Teknologi og etikk

Gjesteførelesinga er open for alle. Waterhouse skal mellom anna sjå nærare på teknologi i samspel med menneskerettar, personvern og problemstillingar rundt forsking på sosiale medier.

- Det Waterhouse tek opp er ikkje berre viktig for vårt fag, men dei aller fleste, trur Andreassen, som også håper på ein god debatt etter innlegget.

 

Han meiner fagkritisk dag er ein sentral del av alle fag ved universitetet.

 

- Fagkritisk dag bør brukast til å utvikla faget til alle studentar sitt beste. Det er likevel viktig å halda fagdebatten gåande heile tida, elles står vi stille fagleg, avsluttar Andreassen.