Hjem
Aktuelt
Psykologipris

Prestisjepris til UiB-psykolog

Dan Olweus, professor ved HEMIL-senteret ved UiB, har fått pris av American Psychological Association for si forsking på mobbing.

Dan Olweus har fått The American Psychological Association's Awards for...
Dan Olweus har fått The American Psychological Association's Awards for Distinguished Scientific Contributions.
Foto/ill.:
Kim E. Andreassen

Prisen Award for Distinguished Contributions to Research in Public Policy  skal heidra ein psykolog som har gjort ein særskild empirisk eller teoretisk innsats for forsking på offentleg politikk.

Dan Olweus er rekna som ein verdsleiande ekspert på området mobbing og som grunnleggjaren av mobbing som eit eige forskingsområde. I 1970-åra gjennomførte han den første vitskaplege undersøkinga i verda om mobbing i skulen.

I American Psychological Association (APA) sitt tidsskrift American Psychologist (pdf) kan ein lesa at Olweus får prisen for si iherdige forsking på mobbing mellom barn og unge og for at han tidleg påpeika at mobbing får implikasjonar for offentleg politikk. APA påpeiker også at det har vore viktig at Olweus starta eit antimobbe-program.

”Arbeidet hans har spelt ei avgjerande rolle i dei dramatiske endringane i fleire land i dei siste åra – frå å sjå mobbing som ein akseptert del av livet til å sjå på mobbing som eit presserande tema for offentleg helse”, skriv APA.