Hjem
Aktuelt
Studiekvalitet

Deler Ugleprisen

Antikkens filosofi og Global Helse er to ulike fag, men begge verdset nærleik til det ein skal studera. UiB sin pris for utdanningskvalitet for 2012 er delt mellom dei to emna.

Hovedinnhold

- Ein får verkeleg sett og følt korleis røynda er utafor Bergen og Noreg, seier Sven Gudmund Hinderaker, koordinator for emnet Global Helse.

Emnet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet gjev medisinstudentar i venteterminen konkret erfaring gjennom eit åtte veker langt feltopphald, i anten India, Tanzania eller Sør-Afrika. Her får studentane innblikk i mellom anna behandling av tuberkulose og lepra, vitja ein  AIDS-klinikk eller læra kliniske ferdigheiter, anten i India, Tanzania eller Sør-Afrika.

Før feltopphaldet går studentane gjennom ei teoretisk innføring i global helse.Mellom anna fokuserer ein på dei store smittsomme sjukdommane som tar mange liv, til dømes HIV, tuberkulose og malaria. Studentene får også vita meir om  globale perspektiv på helseproblemer og sjukdommar som ikkje er smittsomme, for eksempel ernæring, mødrehelse og mental helse. Fattigdom og helse er viktige tema, det same gjeld refleksjonar kring helse og primærhelseteneste i eit globalt perspektiv.

Les meir om emnet her.

- Ei anerkjenning

Global Helse fekk i desember 2011 UiB sin pris for god studiekvalitet, Ugleprisen.

- Det er ei anerkjenning av eit prosjekt ved UiB som involverer mange institutt, i hovudsak Institutt for samfunnsmedisinske fag, Institutt for indremedisin og Senter for internasjonal helse. Emnet får fram fleire perspektiv, seier Hinderaker, som no håpar fleire vil søkja seg til emnet.

Han fortel at studentane i all hovudsak gjev gode tilbakemeldingar etter dei to månadane med utladsopphald.

- Dei får sjå korleis helsesystem kan virka eller ikkje virka i andre delar av verda, og får nye og sunne perspektiv.

Les blogg frå eit studentopphald i India her.

Ei filosofisk reise

Ugleprisen vert delt med kursrekkja ”Antikkens filosofi” ved Institutt for filosofi og førstemesterstudier. Sidan 2008 har førsteamanuensis Knut Ågotnes kvar haust halde seminar i Athen for UiB-studentar. Seminara inkluderer museumsvitjingar og ekskursjonar på stader som Delphi, Mykene og Olympia. Komiteen som deler ut Ugleprisen skildrer kursrekkja som eit ekstraordinært pedagogisk opplegg som har skapt kunnskap utover vanlig undervisning i filosofi og filosofihistorie.

Ågotnes meiner seminarar gjer det mogeleg å realisera nokre av dei grunnleggjande verdiane ved eit universitet. Mellom seks og åtte studentar er med på reisa til Athen.

- Det skal vera eit fellesskap mellom studentar og lærar. Det er ikkje så lett i eit stort auditorium, men her får me eit grunnlag for å diskutera problem i fellesskap. Studentane jobbar intenst og skal stilla opp med framlegg, noko som er heilt sentralt å meistra, seier han til uib.no.

Studentmedverknad

Han tykkjer prisen tyder mykje for både institutt og forskingsgruppa Antikkens filosofi. Ikkje minst tyder det mykje for studentane som er med, meiner han.

- Studentane er med på å utvikla seminara og samtalane. Til dømes kan ei gruppe innta Platon sine standpunkt, medan ei anna gruppe argumenterer utfrå Aristoteles sitt. Desse samtalane er problemutviklande, spørsmåla er opne og utan gitte svar. Læraren er ein av dei som stiller spørsmål og ikkje ein som berre belærer, seier han.

Athen speler ei sentral rolle, både som staden filosofien vart til og gjenstand for tematisering.

- Ved å vera til stades, sjå korleis Sokrates bevega seg på Agora og gå der han vart dømd, kan vi visualisera korleis faget er situert. Filosofien vert aktualisert i ein kontekst, seier Ågotnes.

Pris for læringsmiljø

Ugleprisen vart delt ut på Studiekvalitetsseminaret 2011. I tillegg vart Læringsmiljøprisen gjeven til tildelt Jan Reinert Karlsen og Roger Strand ved Senter for vitskapsteori.  Dei fekk prisen for prosjektet Dannelsesemner og har i følgje juryen sett fokus på universiteta sitt ansvar for dette og å fremja kritisk tenkjing. Strand og Karlsen har skapt eit læringsmiljø som inkluderer studentane og vidareutvikla emna, heiter det i juryen si grunngjeving.

Les eiga sak på Senter for vitskapsteori sine sider:

Et vinnende læringsmiljø