Hjem

Aktuelt

Markering

Hyller leprapioner

Gerhard Armauer Hansen si lepraforsking har tydd mykje for mange. No vert arven etter den bergenske legen markert ved UiB.

Gerhard Armauer Hansen påviste at lepra var smittsamt, og ikkje arveleg slik...
Gerhard Armauer Hansen påviste at lepra var smittsamt, og ikkje arveleg slik ein hadde trudd før. Mandag og tysdag skal oppdaginga hans, leprahistorie og internsajonal helse tekne opp.
Foto:
Ukjent.

– Me skal markera ein av dei mest verdskjende norske forskarane. For mange menneske tyder han meir enn andre norske heltar som Nansen og Amundsen. Det gjeld særleg fattige menneske i fattige land, seier Gunnar Bratbak, professor ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen.

Legen Gerhard Armauer Hansen oppdaga i 1873 leprabasillen, årsaka til lepra eller spedalsksjuke.  Dermed kunne han prova at lepra ikkje var arveleg, slik ein trudde før Armauer Hansen si forsking gav ny kunnskap.  I dag kan ein lækja sjukdommen med antibiotika.

Stigmatiserande sjukdom

– Lepra var og er ein forferdeleg sjukdom for dei som ikkje får hjelp. Det var ein av dei mest stigmatiserande sjukdommane ein kunne få, ein hadde påboda i Moseloven og dei bibelske forstillingane om at sjukdommen er en straff frå Gud i mot seg om ein fekk lepra. Det å påvisa at sjukdommen er forårsaka av ein bakterie og kunne behandlast tydde utruleg mykje for å verta kvitt dette stempelet, seier Bratbak.

Han skildrar Armauer Hansen som grunnleggjaren av den moderne lepraforskinga, med stor internasjonal tyding. I følgje Lepramuseet sine nettsider er ingen nordmann meir avbilda på utanlandske frimerke enn han, og det er reist fleire monument over han over heile verda. I dag er lepra framleis eit helseproblem i til dømes India og Brasil, opplyser Bratbak.

Sjukdom på museum

Markeringa av Armauer Hansen går over to dagar. Mandag  17. september skal mellom andre Sigurd Sandmo frå Bymuseet førelesa om ”Sykdommen som havnet på museum”, og det vert  vist film om Armauer Hansen. Arrangementet tek til klokka 17.00 i Egget på Studentsenteret.

Tysdagen held ein internasjonalt fagtreff same stad frå klokka 09.00.

Sjå programmet for markeringa her.

Mandagen skal ha ein populærvitskapleg profil, medan tysdagen kjem til å ha meir fagleg tyngde. Bratbak trur likevel begge dagane kan vera av interesse for lekfolk.

– Me legg mykje vekt på historia om lepraen, og det er også ei førelesing om  lepraarkiva, som står på UNESCO  si liste Memory of the World. Det vert også eit fokus på internasjonal helse, og eg trur dette vil vere interessant på fleire plan, seier han.