Hjem
Aktuelt
FRIPRO-midler

Støtte til aldringsforsking

Få har forska på aldring, familiebånd og velferdspolitikk i Noreg. Eit nytt prosjekt ved UiB skal pløya ny mark.

Prosjektet Ageing, family ties and public policy skal forska på...
Prosjektet Ageing, family ties and public policy skal forska på familieøkonomi og alderdom.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Ageing, family ties and public policy skal studera familieøkonomi med eit noko anna perspektiv enn dei fleste norske forskingsprosjekt på feltet. Det er forska mykje på tidsklemmer og kva det tyder for ein familie å få barn. Prosjektet ved Institutt for økonomi ser derimot på den andre enden av skalaen, fortel prosjektleiar Kjell Erik Lommerud, som skal leia prosjektet.

– Vi skifter fokuset. Me skal sjå nærare på aldrande foreldre og middelaldrande barn, og korleis helsereformar kan påverka arbeidssituasjonen, til dømes om middelaldrande kvinner får høgare sjukefråver om dei tek seg av sjuke foreldre, eller om dei fell ut av arbeidslivet.

Støtter kvalitetsforsking

Prosjektet er eitt av fleire forskingsprosjekt ved UiB som har fått fri prosjektstøtte (FRIPRO) frå Forskingsrådet (sjå faktaboks). FRIPRO skal fremja forsking av høg vitskapleg kvalitet og verka positivt på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsutjamning.

Prosjektet Lommerud leier får sju millionar kroner. På landsbasis har kring 80 prosjekt fått til saman 455 millionar. For sju millionar kan Lommerud løna ein stipendiat, ein postdoktor og ein internasjonal forskar i bistilling.

Lite forsking, mykje data

Lommerud sitt forskingsfelt er altså ein sjeldan blome i norsk forsking. I Europa har det derimot vore forska mykje på temaet eldreomsorg og familieøkonomi, mellom anna gjennom SHARE-undersøkjinga. Undersøkjinga er den største samfunnsfaglege surveyen i Europa og vert gjennomført i tjue land.

– Det er gjort lite forsking, men me har mykje data som gjer det lett å finna kausalitet. Mellom anna kan me sjå korleis eldremilliarden vert brukt, det er mogeleg å følgja folks arbeids- og trygdeforhold kontinuerleg. Dette er ein direkte kausal link der ei offentleg reform kan påverka middleladrande døtre sin arbeidssituasjon, seier Lommerud.

Fripro-midlene vert gjevne for å skapa fri forsking, men Lommerud er sikker på at resultata i prosjektet kan tyda mykje for norsk politikk.

– Det vil kunna påverka korleis ein organiserer omsorgen i Noreg. Mykje av politikken i Noreg har vore innretta mot småbarnsfasen og den skvisen mange kjem i i den delen av livet. No bør vi finna meir ut om ein annan fase i livet, det kan vera ein tilsvarande skvis på menneske med sjuke foreldre, seier han.  

Saknar Fellesløftet

Prorektor ved UiB, Berit Rokne, seier at støtta til frie prosjekt er vesentleg for den nysgjerrigheitsdrivne grunnforskinga.

– Men resultata frå årets tildeling frå Forskingsrådet viser at det også i år er eit trangt nålauge for tildeling av midler.

Løyvingane i år er eit tilbakesteg samanlikna med Fellesløftet i 2012. Då gav Kunnskapsdepartementet og universiteta til saman 200 millionar kroner ekstra til fri prosjektstøtte, noko som medførte at 90 fleire prosjekt fekk tildeling.

– Me er sjølvsagt svært glade for at våre tilsette søkjer FRIPRO-midlar, og gratuelerer dei som har fått. Men vi skulle gjerne sett at Fellesløftet vart vidareført og at endå fleire fekk midlar, seier Rokne.