Hjem
Aktuelt
Studiekvalitet

Uglepris til Prisme og geovitskap

Nettstudiet Prisme og bachelorutdanninga i geovitenskap deler årets pris for studiekvalitet.

Bachelorutdanninga ved Institutt for geovitskap og Prisme, deler Ugleprisen.
Bachelorutdanninga ved Institutt for geovitskap og Prisme, deler Ugleprisen.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Ugleprisen er UiB sin interne pris for utdanningskvalitet. Prisen blir delt ut av utdanningsutvalget til fagmiljø som kan dokumentera særlig vellukka tiltak for studiekvalitet. Prisen vart delt ut på UiB sitt studiekvalitetsseminar 13. desember, og i år vert prisen delt mellom bachelorutdanninga ved geovitskap og nettstudiet Prisme.

Bachelor-utdanninga ved geovitskap får ros for at svært mange av studentane fullfører på normert tid og at det vert produsert mange studiepoeng.  Ingunn Mangerud, leiar for Institutt for geovitskap, seier studiet har som mål å visa både breidden og djupna i faget. Mellom anna er alle studentane ute i felten i løpet av studiet for å kjenna foskarlivet på kroppen

– Feltarbeidet og tokta våre er noko vi er kjente for og skapar ein svært samansveisa gjeng. 91 av dei 100 som startar på bachelorprogrammet gjennomfører studiet, seier ho.

Kring 95 prosent av bachelorstudentane går vidare til mastergrad.

– Det trur eg borgar for kvaliteten på studiet, seier Mangerud, som sjølvsagt er glad for prisen.

– Det er ei anerkjenning av at utdanninga vår er god, og er ein viktig pris for oss.

Pris til Prisme

Nettstudiet Norsk som andrespråk for lærere - Prisme deler prisen med geovitskap.

Prisme er et reint nettstudium ved Senter for etter- og videreutdanning (SEVU) innan Norsk som andrespråk og er innretta mot lærarar som skal undervisa elevar i norsk som andrespråk. Tilbodet har eksistert sidan 90-talet og vart grunnlagt av Kari Tenfjord og avdøde Jon Erik Hagen.

– Det er ei stor glede å få ei anerkjenning for eit arbeide det er lagt så mykje arbeid i og som me har jobba med i så mange år. Ein kjenner at ein vert sett av sine eigne,  seier Tenfjord.  

Ho fortel at samfunnet forventar mykje av faget.

– Flykningar og andre som kjem til landet vårt skal få ei god nroskopplæring. Det er eit samfunnsbehov, seier ho.

– Eit demokratisk prinsipp

At studiet er på nett gjer det mogeleg å studera det overalt.

– Det var viktig for oss då me starta prosjektet, eit demokratisk prinsipp, seier Tenfjord.

Ho trur at tydeleg informasjon, stram organisasjon og ein god læreplan har vore med på å gi studiet den gode studiekvaliteten det fekk pris for. Studentane får mellom anna ei studiehandbok som legg opp progresjonen i studiet og sørgjer for at ein skal koma seg gjemmom eit studie i tillegg til å jobba. Studentane har fortald Tenfjord at det har vore eit hardt studium, men at det gjev ein tryggleik i jobben som norsklærarar for framandspråklege.

– Ikkje minst har lærarane vore svært viktige for studiekvaliteten. Jon Erik Hagen har mykje av æra for det, han var heilt unik og godt likt, seier Tenfjord.

Ho skildrar Hagen som ein fantastisk grammatikar, og ser ikkje bort frå at prispengane vil gå til eit prosjekt innan feltet.  

Godt læringsmiljø på informatikk

Universitetet sin læringsmiljøpris vart tildelt Institutt for informatikk. Prisen går til miljø eller enkeltpersonar som lukkast i å leggja forholda for læring spesielt til rette gjennom fagleg, pedagogisk eller sosial innsats eller ved å tilretteleggja det fysiske og psykososiale læringsmiljøet.

Grunngjevinga for prisen påpeiker at instituttet har identifisert konkrete utfordringar i læringsmiljøet og lahgt ein plan for å betra det.