Kva var ei heks?
Snåsamannen kunne fått det vanskeleg på 1500-talet.

Hovedinnhold
I helga er det Sankt Hansaften, og folk flest gler seg til ei feiring med pølser på bålet. Men før i tida var det iblant heilt andre ting som vart brent på bålet. Til dømes hekser – av båe kjønn. Hubro intervjua professor i filosofi og kulturvitskap ved Universitetet i Bergen, Nils Gilje, om temaet mannlege hekser. Gilje har mellom anna skrive boka Heksen og humanisten om ei av dei mest kjende heksene i Noreg, Anne Pedersdatter.
Så det fanst altså mannlege hekser?
– Ordet heks er lada med våre assosiasjonar, og mange tenkjer nok berre på kvinner. Sjølve uttrykket heks stammar frå tysk og vart ikkje brukt på norsk før på slutten av 1600-talet, då Petter Dass brukte det i katekismen. Dette var rundt 100 år etter at dei mest intense prosessane starta. Før det brukte ein ordet trollfolk. Og trolldomskunstar vart praktisert av både kvinner og menn, seier Nils Gilje, professor i filosofi og kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.
Kva slags trolldom var det desse heksene praktiserte?
– Dei dreiv med signing og lesing, det me i dag kallar healing. Dette var i prinsippet kjønnsmessig nøytralt. Ein
av måtane ein dreiv trolldom var til dømes å skjera kors i livet på folk ein meinte var trollbundne. På slutten av 1500-talet kom det lover som kunne døma både menn og kvinner for slikt. Dei skilte mellom kvit og svart magi. Den kvite var vanleg folkemedisin og vart brukt for å gjera folk friske. Den svarte skulle gjera skade. Begge var like ulovlege. I Noreg vart kring 300 avretta for trolldom. 80 prosent av dei var kvinner. I Europa var situasjonen ganske lik. Mellom 40000 og 70000 vart avretta, og kvinneprosentdelen var lik som i Noreg.
Var det likt i alle land?
– Nei, i somme land var faktisk fleirtalet menn, til dømes i Finland. Mellom samane var det også flest menn.
Mange samiske menn vart skulda og avretta. Kvifor?
– Hjå samane var det menn som var sjamanar. Desse var eksponerte i offentlegheita, og kunne til dømes utføra trolldom som skulle skapa trygge sjøreiser. Det var dei samane som var i kontakt med nordmenn som vart skulda.
Kvifor vart folk skulda for hekseri når dei utførde healing, noko som vart rekna som bra?
– Det var svært skralt med legar på 1500-talet. Når folk vart sjuke fanst det visse alternativ. Barteskjeraren hadde skarpe knivar som han kunne utføra amputasjonar med. I visse tilfelle var presten også legekunnig. Men svært ofte var det dei kloke konene eller mennene, altså dei som dreiv med healing eller folkemedisin, som måtte trø til. Vanlegvis ville ingen skulda desse ressurspersonane i eit lokalmiljø. Men når det gjekk gale, og ein ikkje klarte å lækja den som var sjuk, då kom ofte skuldingane.
Kvifor tok dei på seg slike oppgåver når dei visste at dei risikerte straff?
– Tja, for mange var det nok ei kjærkomen inntektskjelde. For autoritetane var den kvite magien like ille som den svarte. Petter Dass meinte at om ei heks var klok, kunne ho eller han takka djevelen for det. Vanlege folk var nok ikkje samde i det og nytta seg av den kvite magien.
Vi har høyrt om vassprøva og tortur av dei skulda. Vart menn behandla ann- leis enn kvinner i desse prosessane?
– I prinsippet vart begge kjønn utsett for same type straff; utvising frå eit sokn, bøter og dødsstraff i alvorlege samanhengar. Men menn vart aldri utsett for vassprøva. Kvinner var derimot meir utsett, og einslege kvinner med få ressursar var særleg utsette. Mange enker vart ramma av slike skuldingar.
Finst det hekser i dag?
– Vi har mest alltid hatt denne typen folkemedisin i Noreg. Også no. Det norske folket har klare førestellingar om det overnaturlege, og mange av desse førestellingane er like som dei vi hadde for hundrevis av år sidan. Snåsamannen gjer mykje av det same i dag som dei som vart skulda for trolldom på 1500-talet.
Denne artikkelen stod fyrst på trykk i Hubro 01/2013.Hubro er UiB sitt magasin for forsking og utdanning. Du kan abonnera gratis på Hubro ved å senda oss ein e-post.