Hjem
Aktuelt
Feminisme

Iransk kvinnekamp på nett

Med over 50 prosent av iranarar på nett, har spørsmålet om kvinner si stilling i islam eksplodert.

Simin (Leila Hatami) i filmen "Nader og Simin: Historia om eit brudd". Filmen...
Simin (Leila Hatami) i filmen "Nader og Simin: Historia om eit brudd". Filmen som handlar om skilmisse vart enormt populær i Iran.
Foto/ill.:
Filmweb

TEKST: INGVILD NILSSEN

I den nylig Oscar-belønna iranske filmen, Nader og Simin – et brudd, vil ekteparet skiljast. Det er lett for oss å tenke at dei ynskjer eit meir Vestleg liv, men då tolkar vi dei frå ein Vestleg ståstad, forklarar Gilda Seddighi og Marianne Bøe frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).

– Det er svært mange fraksjonar innanfor den iranske aktivistrørsla, men ein ting fraksjonane har til felles er at dei motset seg tilknyting til alt som karakteriserast som Vestleg, fortel dei.

Men er det eit sekularisert demokrati som er målet?

Marianne Bøe: Sekularismeomgrepet i Iran i dag er mykje meir flytande enn det har vore tidlegare. Derfor er det ikkje like enkelt å definere det utifrå om ein ynskjer ein religiøs stat eller ynskjer ein sekularisert stat. Samstundes er det viktig å nyansere, for det er til dømes ikkje slik at alle som ynskjer demokrati er imot den islamske republikken. Det er ulike typar konservative og ulike typar reformistar. Ingen av aktivistane vil ha eit vestleg forma demokrati. Det verste du kan seie er at du ynskjer vestleg feminisme eller vestleg demokrati, dei definerer det i staden som iransk.

Gilda Seddighi: Det viser at ein ikkje har forståing for det iranske samfunnet og historia deira om ein trur dei ynskjer vestleg demokrati. Aktivistane vil byggje vidare på si eiga historie, og såleis legitimere krava sine innanfor den iranske konteksten.

Seddighi: Iranarane er veldig stolte av si eiga historie, og dei viser til at både demokrati og kvinnerettar har røter i iransk historie. Derfor treng dei ikkje importerte modellar frå Vesten.

Går det an å snakke om ein iransk feminisme?

Bøe: «Feminisme» er eit problematisk omgrep i Iran. Det å bli kalla «feminist» er ikkje nødvendigvis fordelaktig for ein kvinnerettsaktivist i Iran. Omgrepet  vert eit stempel med mange negative konnotasjonar fordi det vert knytt til ein vestleg kontekst. Derfor har ein større slagkraft i den politiske diskusjonen om ein unngår å kalle seg feminist. Likevel finst det aktivistar og grupper som brukar omgrepet feminist om seg sjølv, som til dømes Den feministiske skule (Madrese-ye feministi). For denne gruppa er det på same tid viktig å definera og rotfesta feminisme innanfor den iranske kontekst og historie. Aktivistar i Den feministiske skule viser blant anna til aktørar i Irans historie som har vore sentrale i arbeidet for kvinner sine rettar. Mange av kvinnerettsaktivistane eg har intervjua som tok del i revolusjonsrørsla seint på syttitalet har uttalt at dei verkeleg hadde tru på den islamske republikken, og dei trudde dei no ville få rettar dei sjølv var med å forme. Det vart altså eit sjokk då dei oppdaga kva slags lover som vart innførte. Her byrja den såkalla islamske feminismen å vakse fram, kor dei definerer måla sine ut frå religionen. Den har spreidd seg til andre muslimske land, men starta i Iran.

Meiner informantane dykkar at feminisme og islam er foreinelege?

Bøe: Det spørs kven du spør, det vi ser i dag er at mange aktivistar definerer kvinnerettar og menn sine rettar utifrå religiøse kjelder. Det synest eg derfor er eit godt døme på at feminisme og islam er foreineleg.

Kvar ville aktivismen og reformrørsla ha vore utan sosiale media?

Bøe: Både kvinnerettsaktivisme og demokratirørsla i Iran går tilbake til byrjinga av 1900-talet. Sjølv om sosiale media har ført til at det er ein ny arena med nye aktørar og kanskje nye saker, så er ikkje aktivismen noko nytt i det iranske og dei andre muslimske samfunna.

Men korleis har sosiale media endra biletet?

Bøe: Det eg vil seie er nytt med den nye teknologien er rett og slett talet på aktørar som er involverte og at omfanget av diskusjonen har vorte større, sjølv om tema for diskusjonane stort sett er dei same. Men spørsmålet om korleis kvinner si stilling skal vere i islam har eksplodert i løpet av dei siste tjue åra, då mellom anna grunna sosiale media.

Seddighi: Biletet er om lag det same når det gjeld politisk aktivisme. Samstundes er det også skilnader. Når ein går på nettet deltek også kvinner som er i eksil i debatten. Men på nettet er det også avgrensingar på kva dei kan snakke om. Mellom anna vert ordet «homoseksualitet» sensurert, på grunn av ei ny lov frå 2008 som seier at det er ulovleg å snakke om homoseksualitet på nettet. I tillegg vert også til dømes orda «kvinne» og «feminisme» sensurerte.

Bøe: Samstundes er det eit digitalt skilje mellom by og land og ulike klassar. Så sjølv om Iran er det landet i Midtausten med flest internettbrukarar (over 50 % av folket brukar internett) så er det framleis digitale skilje som gjer at sosiale mediar og politisk aktivisme er forbeholdt ei viss elite.

Til slutt blir Nader og Simin skilde. Om det var ei «happy ending» eller ikkje så vann filmen Oscar for beste framandspråklege film, og både kvinner og menn strøymer til for å sjå filmen i Iran.

Artikkelen er hentet fra UiBs forskningsmagasin Hubro. Det er gratis å tegne seg som abonnent, bare send oss en e-post. Du kan også lese magasinet på nett, eller laste det ned som PDF.