Hjem
Aktuelt
Spesialsamlingene

Fotografisk verdsarv

Sophus Tromholt sine fotografi gir eit unikt innblikk i samisk kultur. No er fotosamlinga verdsarv.

Bilete frå Sophus Tromholt si dokumentering av samar i Kautokeino på 1880-talet.
Sophus Tromholt si samling bilete er teken opp i UNESCO sitt verdsarvregister. Fotografen registrerte dei han tok bilete av med fullt namn, dette har teksten «Johannes Mathisen Hætta 80 aar».
Foto/ill.:
Sophus Tromholt

Tromholt si samling bilete av samisk kultur og folk i Kautokeino mellom 1882 – 1883 er teken opp i UNESCO sitt verdsarvregister. Samlinga og originalnegativa tilhøyrer Spesialsamlingen ved Universitetet i Bergen. Memory of the World eller Verdas  dokumentarv, er eit UNESCO-program som skal verna og synliggjera verdas kulturarv.

Sophus Tromholt si samling av bilete er ikkje stor, men viktig. Nordlysforskaren sin plan var å ta bilete av nordlyset i Kautokeino. Tidas teknologiske utstyr var derimot ikkje godt nok til å registrera nordlyset fotografisk. Amatørfotografen Tromholt byrja difor å dokumentera den samiske kulturen og folket i Kautokeino. 

Sjå bileteserie.

 

Unik samling

Dei fleste samtidige fotografar fotograferte urfolk med tanke på å visa fram kulturelle kuriosa og og ofte med eit raseperspektiv. Tromholt er derimot heilt unik.

- Han forhaldt seg heilt annleis ovafor objekta sine enn andre fotografar. Han tok karakterportrett og dreiv ikkje berre med kulturdokumentasjon. Når det gjeld urfolkspørsmål og fotograferinga av Den Andre, er samlinga av høg kvalitet. Det gjer at Tromholt har internasjonal interesse, seier Solveig Greve, førstebibliotekar ved Bildesamlingene ved UiB.

Les meir om Sophus Tromholt si samling.

 

Viktig politisk kjelde

I si grunngjeving for oppføringa skildrar UNESCO bileta som viktige politiske  og historiske kjelder:

”Disse portrettene er unike i sitt individualistiske og menneskelige utgangspunkt, de viser samefolket som noe mer enn rasebaserte stereotyper og eksotiske turistobjekter. Bildene er først og fremst en kilde for den internasjonale interessen for urfolks kultur og fremstillingen av urfolk som «annerledes». ”

På UiB sine Spesialsamlinger ser ein på verdsarvstatusen som ei stor anerkjenning.

- Ikkje minst viser det at UiB ikkje berre har forsking og undervisning å visa til, men ei stor samling av historisk materiale, seier Morten Heiselberg, fotograf ved Spesialsamlingene.