Hjem
Aktuelt
Forskingsplan

Vil skapa kunnskapstørst

Kristin Halvorsen spør kva som blir viktig for forsking og høgare utdanning dei neste åra. Breidde og mangfald er svaret frå UiB.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa vil laga ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning som mellom anna skal skapa kunnskapstørst i samfunnet.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa vil laga ein langtidsplan for forsking og høgare utdanning som mellom anna skal skapa kunnskapstørst i samfunnet.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Regjeringa skal laga ein tiårig langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Aktørar innan næringsliv, offentleg sektor og utdannings- og forskingsmiljøa i bergensregionen kom med innspel til langtidsplanen på mandag. Møtet var det første av fleire før planen skal leggjast fram hausten 2014.

Se flere bilder fra møtet på Flickr.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen skildra den komande tiårsplanen som eit virkemiddel for meir langsiktig tenking.

- Målet er at investeringa i forsking og utdanning over tid skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet. Dei offentlege investeringane er trappa opp dei siste åra, men næringslivet ligg langt etter. Vi må skapa ein kunnskapstørst i samfunnet. Planen skal spissa Noregs forskingsinnsats, sa statsråden.  

 

- Må sikra fridomen

- Vi må sikra grunnforsking, universiteta sin institusjonelle autonomi og den akademiske fridomen. Dette bør nedfellast i langtidsplanen vi skal gi innspel til, sa prorektor Anne Lise Fimreite. Ho representerte Universitetet i Bergen på møtet på Kvarteret.

Mangfaldet og breidda er sjølve varemerket til universitetet og bør leggja grunnlaget for framtidige satsingar, meinte Fimreite, som peikte på samarbeid på tvers av disiplinar som framtidsretta.

- Vi veit at tverrfaglig innsats vil vera avgjerande framover. Utfordringar – enten dei er globale, nasjonale, regionale eller lokale, følgjer ikkje disiplingrenser, sa Fimreite.

Ho peikte på korleis breidde skapar gode høve for å spissa kompetansen. UiB sine breiddesatsingar på marin forskning, utviklingsrelatert forskning og klima kan gjera universitetet leiande på dette feltet, meinte Fimreite.

 

Samarbeider for å verta gode

Innleiiarane vart bedne om å gjera greie for kven dei kan sjå for seg eit samarbeide med. Fimreite opna for eit samarbeid med dei aller fleste. 

- Vi vil samarbeida med dei vi må, for å verta gode. Det er ingen grunn til å tenke begrensingar her, men akademisk fridom og institusjonell autonomi skal og må ligge i botnen. Universitetet skal være open for omverda, det er en viktig del av vårt samfunnsoppdrag. Men openheita vår inneber ikkje at vi kun går inn i rolla som serviceinstitusjon for omgjevnadane. Universitetet har ei avgjerande rolle som premissleverandør, sa prorektor.

 

Hylla heiltidsstudenten

Den langsiktige planen bør ta omsyn til studentane, meinte Fimreite. Dette inneber mellom anna ei satsing på studiekvalitet, satsingar på Senter for framfrå utdanning, og framtidsretta pedagogikk og teknologi. Her spelar økonomi ei rolle.

- Heiltidsstudenten er viktig for oss som universitet. Det er viktig for det som har med fråfall, gjennomføring, og kvalitet på studentens utdanning å gjera, meinte Fimreite.

Fimreite roste den framtidige planen  skal gjera finansieringa meir langsiktig og forutsigbare, men etterlyste meir handlingsrom når det gjeld kapital.

- Kortsiktig detaljstyring og avrapportering er lite føremålsteneleg for oss som kunnskapsprodusentar. Vi brukar offentlige midlar, og det skal gjerast skikkelig. Noko meir tillit til at vi veit best korleis er eit ønske for framtida.

 

Etterlyste prioriteringar

Dei andre innleiarane Ole-Erik Lerøy frå Marine Harvest, Aina Berg frå Uni Research og Stener Kvinnsland frå Haukeland universitetssjukehus var jamnt over samde om at ei meir forutsigbar framtid var av det positive.

Statsråden sjølv sa seg nøgd med innspela, men etterlyste hardare prioriteringar.

- Alle veit at ein treng forsking av høg kvalitet. Vi må klara å ta prioriteringsdebattane uansett kor mange pengar vi har. Vi må enda med nokre tydelege ønske om prioriteringar. Men dette var ein god start, og eg trur me får mange vesentlege innspel før planen vert klar, avslutta Halvorsen.