Hjem
Aktuelt
FISKERIØKOLOGI

Møblerte heimar gjer laksen smartare

Smålaks som får boltre seg mellom planter og steinar vert meir intelligente enn dei som berre ser fire glatte veggar i ein tank. Forskarar i Bergen har vekt internasjonal oppsikt med forsøk på laksesmolt frå Vosso.

Laks som veks opp i eit stimulerande miljø med stein og kunstige plantar utviklar hjernen betre enn dei som held til i tradisjonelle fisketankar.
Foto/ill.:
Anne Gro Vea Salvanes

Se video av smart laks i labyrint og dum laks i labyrint.

- Oppvekstmiljøet til fisken betyr mykje for korleis hjernen og åtferda utviklar seg. Vi trur at smarte fiskar er betre rusta for å klare seg i elva. Dermed kan ein setje ut færre smarte fisk i staden for mange dumme, fortel professor Anne Gro Vea Salvanes ved Universitetet i Bergen.

Saman med kollegaer frå universitetet og Uni Research innreia ho kar med stein og plantar og let ti månader gamle lakseungar frå Voss klekkeri flytte inn. Etter åtte veker fekk fiskane ei utfordring: å kome seg gjennom ein labyrint. Småfisken som kom frå møblerte heimar lærte seg snart å finne vegen ut, medan ei kontrollgruppe med fisk frå vanlege tankar virra omkring og brukte mykje lengre tid på å løyse oppgåva.

- Vi fann at ein møblert oppvekst verkar positivt på den hjernedelen som styrer navigasjonsevne og hugs hos fisken, seier Salvanes.

Studien er presentert i det internasjonale tidsskriftet Proceedings of the Royal Society, B. Dette førte til at mellom andre BBC omtalte forskinga.

Les meir om forsøket i forskning.no: Laks ble smartere av naturlig miljø

- Det vert spennande å sjå korleis det går vidare med dei smarte fiskane. Vi har sett ut yngel frå både møblerte og umøblerte tankar i Vosso-vassdraget. Til hausten skal vi ut i felten for å sjekke om det har gått slik vi trur: at dei smarte klarer seg best, seier Salvanes.