Hjem
Aktuelt
Studentundersøkjing

Studentane trivst på UiB

90 prosent av studentane vil anbefala andre å studera ved UiB, fortel ei undersøkjing.

Over 70 prosent av studentane ved UiB trivst godt, fortel ei undersøkjing gjennomført i vår.
Foto/ill.:
Paul S. Amundsen

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen gjennomførte i vår ei undersøkjing  i alle studentgruppene på universitetet.  4450 studentar fekk spørjeundersøkinga, og det vart gjort samtalar med studentar på fakulteta.

Undersøkjinga syner at over 70 prosent av dei som svarte trivst svært godt eller godt som studentar ved UiB. Berre 9 prosent fortel at dei ikkje trivst.

 

Kvalitetsteikn

- Våre studentar har teke eit aktivt val om å studera hjå oss og er motiverte for studia sine. Resultata av undersøkjinga syner at som institusjon klarer vi å ta vare på den entusiasmen. Det at så mange trivst er ein kombinasjon av den faglege kvaliteteten studentane møter og at dei vert del av ein fagleg fellesskap, trur Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen.

Les heile undersøkjinga her (pdf).

90 prosent av studentane fortel at dei gjerne anbefaler UiB til andre, og 63 prosent er nøgde med det faglege utbyttet dei får på førelesingane. 

- Det er viktig for rekrutteringa vår at framtidige studentar høyrer gode ting om UiB frå vener og familie. Det fortel mykje om omdømet og kvaliteten ved UiB, seier Samdal.

Les meir om undersøkjinga her. 

 

Lite nøgd med lesesalane

Trass i at studentane flest trivst, kjem det også fram visse utfordringar i undersøkjinga. Ein fjerdedel av studentane som svarte, seier dei er lite nøgde med lesesalane, og oppgjev luftkvalitet, temperatur og plassmangel som minuspunkt. Særleg studentar på lågare grad er lite nøgde.

Dette er noko både fakulteta og Læringsmiljøutvalet ved UiB jobbar med, opplyser Samdal.

- Me er merksame på dette, og meiner me bør kunna tilby gode arbeidsplassar til studentane våre. Det gjeld ikkje berre lesesalar, men også kollokvierom og liknande, seier viserektoren.

Saman med Eigedomsavdelinga arbeider ein aktivt for å følgja opp desse problema. På Det psykologiske fakultet har det til dømes vore stor mangel på lesesalsplassar over mange år, og Læringsmiljøutvalet har hatt fakultetet som eit prioritert område.

- Det er difor gledeleg at ein har byrja på arbeidet med å utvida tilbodet. UiB slit med at vi har eit stor generelt etterslep på vedlikehald av bygg. Det råkar dessverre også lesesalsplassane. Me arbeider for auka bevillingar, og den tydelege tilbakemeldinga frå studentane er viktig for å auke intensiteten og prioriteringa i opprustinga av bygg og lesesalar. Her får vi også god drahjelp av Norsk Studentorganisisjon si ”rotner-på-rot”-satsing, som nettopp framhevar behovet for auka ressursar til vedlikehald av universitetsbygg, seier Samdal.

 

Vil ha motiverte førelesarar

Sjølv om svært få seier seg misnøgde med undervisninga, er det rom for forbetringar, meiner Samdal.

- UiB må i tillegg til basisutdanninga i universitetspedagogikk tilretteleggja for etter- og vidareutdanning av dei av våre tilsette som underviser, og til dømes fokusera på variasjon i undervisningstilnærminga. Førelesarane våre skal vera kompetente ikkje berre på fagleg innhald, men også på læringsformer. I tillegg er det viktig at dei er motiverte og opplever at undervisningsinnsatsen vert verdsett. Det tykkjer eg er eit ansvar for oss som institusjon å tilretteleggja for.